Regjeringsplattforma er nominert til tidenes første Apatipris

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.10.2021 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag vart dei tre kandidatane som kan verte tildelt den første Apatiprisen offentleggjorde: VG, Facebook og Hurdalsplattforma konkurrerer om den tvilsame æra.

– Vi vil stille til ansvar dei vaksne menneska som trur dei kan ta seg til rette og øydelegge ungdomsengasjement på ulike måtar, og forhåpentlegvis få dei til å ta seg litt saman, sa Apatipris-skapar Sunniva Roligheten, til Framtida.no i september.

Folk har kunna nominert selskap, verksemder eller personar som har skapt ei kjensle av apati, og ein komité har plukka ut dei tre kandidatane.

Difor er dei nominerte:

VG – viser ikkje eit realistisk bilete av røynda

I grunngjevinga står det at VG er ein frontfigur for ein negativ kultur med tabloid- og clickbait-overskifter, og at avisa skapar eit urealistisk bilete av røynda.

– Eg les nyheitene, ser på TV eller det kjem opp nyheitsvarsel på telefonen. Alt verkar så utruleg negativt, heiter det i eit sitat frå nominasjonen.

Facebook – spreier hat

Facebook er nominert i kjølvatnet av Wall Street Journal-avsløringane om at plattforma fremjer innhald som vil vekke hatefulle reaksjonar, for at brukarane skal bruke meir tid på plattforma.

Grunngjevinga kritiserer vidare måten Facebook-algoritmane bestemmer kva innhald ein ser:

– Å vete at ein stort sett får opp artiklar og saker som ein er einig med i utgangspuktet, gjev meg ei kjensle av håpløyse, skriv ein av dei som har nominert plattforma.

Regjeringsplattforma – inga endring i klima- og naturpolitikk

Arbeidarpartiet og Senterpartiet si Hurdalsplattforma er nominert for å ikkje romme gode nok klima- og miljøtiltak, ifølgje grunngjevinga.

Der står det skrive at regjeringsskiftet ikkje har ført til noko endring i klima- og naturpolitikken, trass i FN sin siste rapport som melde kode raud.

– Det er skummelt og gjer at eg vert motlaus når dei leiande partia ikkje tek slike problem på alvor, heiter det i ein av nominasjonane.

No skal ei nettbasert avstemming avgjere kven som står att som den som er «best på å drepe engasjement».


Sunniva Roligheten vil nedkjempe apati, og løfte fram ungdomsengasjement. Foto: Bente Kjøllesdal