Arbeidarpartiet og Senterpartiet varslar i den nye regjeringserklæringa at oljeleitinga skal halde fram, men med nokre innstrammingar.
Nynorsk Pressekontor

«Det skal fortsatt gis tillatelser til å lete etter olje og gass i nye områder», fastslår dei to partia i den såkalla Hurdalsplattforma.

Samtidig blir det fastslått at leiting i denne stortingsperioden hovudsakleg skal skje gjennom føreseieleg tilgang på leiteareal gjennom tildeling i allereie førehandsdefinerte område – såkalla TFO-rundar.

Arealtilgangen skal styrast slik at omsynet til fornybare næringar, klima og miljø veg tungt, og klima og miljø skal vurderast meir heilskapleg i TFO-rundane.


Therese Hugstmyr Woie
Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom
Oppdatert: sundag 17. oktober 2021 19.57

LES OGSÅ

ANNONSE