LNU: – Må setje vår lit til at det nye fleirtalet leverer
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar er skuffa over pengesummen i statsbudsjettet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er skuffande at regjeringa ikkje ser behovet for ei større auke av grunnstøtta i ein ekstraordinær situasjon.
Det seier Margrete Bjørge Katanasho, nestleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) i ei pressemelding.
Ho er skuffa over at barne- og ungdomsorganisasjonane i forslaget til statsbudsjett ikkje får ei stor nok auke i grunnstøtta til å dekkje dagens behov.
Budsjettforslaget frå den avtroppande regjeringa syner at den nasjonale grunnstøtta aukar, men den internasjonale vert kutta betrakteleg. Grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane aukar reelt sett med under ein million kroner, ifølgje LNU.
Miste 50 000 medlemmar på eitt år
LNU peikar på at barne- og ungdomsorganisasjonar har mista enormt med medlemmar under koronapandemien. Undersøkingar frå paraplyorganisasjonen syner at 50 000 medlemmar fall vekk berre i fjor.
– Pandemien har gjort stor skade på aktivitetsnivået og medlemstala i organisasjonane. Vi hadde håpa at dette ville verte teke på alvor av regjeringa gjennom å auke grunnstøtta, seier Katanasho.
I mars skreiv Framtida.no om at alle ungdomspartia mista medlemmar i 2020, etter fleire år med medlemsrekordar. Raud Ungdom kom dårlegast ut, og mista heile 38 prosent av medlemmane sine.
LNU-leiar Isa Maline Isene peika då på at dei langsiktige konsekvensane av manglande rekruttering kan verte ein generasjon som fell utanfor. Ho etterlyste då at ungdomsorganisasjonane skulle verte prioriterte økonomisk etter pandemien:
– Det handlar om å anerkjenna ung frivilligheit og ungdomsorganisasjonane. Vi får eit mykje meir keisamt og fattigare samfunn utan eit sterkt sivilsamfunn, sa Isene då.
Må setje lit til ny regjering
LNU sine hovudkrav til regjeringa i førekant av statsbudsjettet for 2021 har vore ei auke på 15 millionar i grunnstøtta til barne- og ungdomsogganisasjonane.
Ifølgje organisasjonen er dei frie midlane frå grunnstøtta den aller viktigaste faktoren for at den unge frivilligheita kan halde fram med aktiviteten og utvikle demokratiske fellesskap.
– No må vi sette vår lit til at det nye fleirtalet leverer det dei har lova. Dei tre raudgrøne partia fremja seinast i juni eit forslag om å auke grunnstøtta, og LNU forventar at dette vert følgt opp, seier Katanasho.