Yrket mitt: Kristian (25) er gravferdskonsulent

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kan endre stemninga i eit rom om døden vert trekt fram. Ein merkar at det er eit betent tema som mange ikkje vil gå inn på, fortel Kristian Kirkeland på telefon til Framtida.no.

25-åringen frå Molde arbeider som gravferdskonsulent hjå Kirkeland begravelsesbyrå, og for han er døden tilnærma kvardagskost.

– Alle som er fødde skal døy, det er det einaste som er sikkert. Eg personleg synest det er interessant å snakke om det, men så har jo eg fått det inn med morsmjølka òg då, seier han og ler.

Starta som 14-åring

For Kristian Kirkeland starta kvardagen med døden til følgjesvein allereie då han var 14 år gammal, og fekk vere med far sin på jobb:

– Då fekk eg delta litt med pappa, som ville ha meg med på småoppdrag: Likstelling, kanskje ein køyretur for å hente ei kiste, rette opp ein gravstein ein plass.

Verken då eller eit par år seinare, då han fekk seg sommarjobb i byrået, syntest han det var ubehageleg å ta del i oppgåvene som høyrer med yrket.

– Du jobbar for å tene litt pengar, slik at du kan betale for å få eit nytt Playstation-spel. Då tenkjer ein ikkje så mykje over det, forklarar han.

Etter det han sjølv skildrar som ein litt trøblete periode på vidaregåande, fekk han tilbod om å halde fram i byrået medan han sorterte tankane og fann ut kva han ville ta seg til i livet.

– Eg fann ut at eg treivst ganske godt med yrket, og det var vanskeleg for meg å sjå føre meg sjølv i eit anna yrke. Eg har ikkje gode assosiasjonar med skulen, så det freista ikkje å ta opp att fag.

Kristian Kirkeland og kollega Dag Torhaug på jobb. Foto: Privat

Ingen formelle krav

– Det var først då eg starta på fulltid at eg skjønte kor viktig denne jobben er, og kor mykje det betyr for folk at vi kan stille opp i ei vanskeleg tid og prøve å rettleie dei til ein best mogeleg avskjed, fortel Kirkeland.

25-åringen hadde ingen plan om å verte gravferdskonsulent, og skildrar seg sjølv som heldig som fekk tilliten og mogelegheita til å gå inn i yrket gjennom far sin.

Det finst ingen formelle krav for å verte gravferdskonsulent, og dimed heller ingen openberr veg inn for dei som ikkje kjenner til eit byrå.

Ein kan ta tilrådde kurs gjennom Virke, men for å få innpass der lyt ein vere tilsett i eit gravferdsbyrå som er medlem, fortel Kirkeland.

Sjølv trur han det både er positive og negative sider ved at det ikkje finst noko utdanningsløp, og at ein heller lyt banke på døra hjå eit byrå:

– Eg er motstandar av at alt skal verte basert på kva skulekarakterane dine er. Eg har ikkje den oppfatninga at skulen reflekterer kva som er viktig i arbeidslivet, seier Kirkeland og held fram:

– Men det er vanskeleg om du ikkje har noko å vise til som syner at du er eigna for yrket.

Kristian Kirkeland fortel at ein venner seg til å stelle lik. Foto: Privat

Kontorarbeid, langturar og likstell

Det er lett å tru at likstellet er det verste med jobben, men Kristian Kirkeland fortel at også det vert ein rutine, og hovudet omstiller seg fort.

– Du er på jobb og hjernen går i jobbmodus. Eg steller saman med ein kollega, og vi pratar ofte om sosiale ting, som «såg du Molde-kampen i går?» eller om noko som føregår. 

Det som definitivt er verst er derimot kontorarbeidet, som det er ein del av.

Kristian Kirkeland fortel at noko av det beste med jobben er møta med menneska og at ingen arbeidsdagar er like.

– Det kan vere alt frå å ta ein langtur til ei av øyane og vere vekke heile dagen for å delta i ei gravferd, ein kan reise på oppdrag for å hente nokon som har dødd, eller ha samtale med pårørande.

Han pratar med Framtida.no i handfri mobiltelefon, for han er på veg til Kristiansund for å køyre ei kiste til krematoriet.

Ein dag kan 25-åringen stå opp grytidleg for å rekke eit møte i distriktet kl. 6, men så kan det plutseleg kome ein kontrabeskjed om at han lyt ta ein samtale i Molde sentrum.

– Det er mykje logistikk i det, men det er heldigvis sjefen sjølv som har ansvaret for det, seier ein lattermild Kirkeland og viser til far sin.

Gravferdskonsulenten understrekar at det er viktig å skilje jobb og fritid, og at han ikkje tenkjer på jobb når han har fri.

– Om eg byrjar å drage med meg jobben heim, då sluttar eg.

«Oi, gjer de dette òg?»

Moldensaren fortel at han i dag ofte vert møtt med «oi, gjer de dette òg?», når han har samtalar med pårørande om ei føreståande gravferd.

Graverdsbyrået kan ta seg av alt frå å stelle og frakte den avdøde til å hjelpe dei pårørande om dei ikkje klarar velje mellom ein song og ein salme.

– Før gjorde familien så og seie alt sjølv, det var det vanlege. Avdøde låg heime, familien stelte dei sjølv og skulle fikse alt. No er det meir og meir vanleg at gravferdsbyrå får meir og meir ansvar.

Slik er det framleis i ein del av dei ikkje-kristne gravferdene byrået bistår i. I den norske kyrkja opplever Kirkeland at mange helst vil distansere seg litt, og få døden litt på avstand.

– Døden er eit veldig tabu tema i Noreg, seier Kirkeland, som synest det vert prata for lite om psykisk helse. 

Sjølv held han nokre undervisningstimar om døden for konfirmantar, og då oppfordrar han til openheit.

– Vi vil ikkje at unge skal ha det så vondt, og at det skal vere så vanskeleg å snakke om, at ein tek sitt eige liv.

Ikkje i posisjon til å redde liv

Dei tyngste dagane som gravferdskonsulent er nemleg når noko tragisk har hendt – som eit sjølvmord, eller at eit barn har døydd.

– Men du er i ein posisjon der du ikkje kan redde liv. Din jobb er å sørgje for at dei som har mista eit liv skal få ein best mogeleg avskjed. Om ein klarar halde den tankegangen så går det bra.

– Pårørande seier det er fint å ha eit gravferdsbyrå fordi ein står i slik ein vanskeleg situasjon. Dei må bearbeide kjenslene sine før dei tek dei vanskelege vala, fortel gravferdskonsulent Kristian Kirkeland. Foto: Privat

Samstundes er det utruleg vanskeleg dersom dødsfallet kjem nært på han sjølv: Om nokon han kjenner har mista nokon, og han vert både konsulent og venn på same tid.

Ei av dei sterkaste opplevingane han har hatt var då han var med å stelle i stand gravferdene til farmora og farfaren, men han fann trøyst i at dei begge hadde levd lange liv og ifølgje trua si vart gjenforeint.

– Trur du dette yrket har endra deg på noko vis? 

– Det trur eg. Eg føler eg har utvikla meg som menneske. Det har gjort at eg set meir pris på den situasjonen eg er i.

– Eg har jobba fulltid med dette sidan vidaregåande, og då eg gjekk der hadde eg eit litt spesielt syn på livet. Du har eit veldig egosentrisk syn, der du set deg sjølv framfor andre, fordi du vil sjølv ha det best mogeleg. Men om du har det ganske bra, kvifor ikkje leggje inn ein ekstra innsats for at andre skal ha det betre? spør Kirkeland.

– Er ikkje gale å le

Kristian Kirkeland fortel at noko av det viktigaste som gravferdskonsulent er å vere audmjuk og flink til å lytte:

– Du lærer reglane i gravferdslova undervegs, så dei personlege eigenskapane er dei viktigaste.

Samstundes kjem det godt med om du har humor, fortel 25-åringen.

– Ein latter vil alltid endre stemninga litt, og gjere at folk kjenner seg meir fri. Trass i at det kan vere kjempetrist, så er det ikkje gale å le. 

Han rår unge som vurderer same yrket til å hoppe i det, og berre prøve.

– Anten så likar du det eller ikkje. Folk har eit veldig annleis inntrykk av jobben, enn kva han eigentleg er. Folk tenker det berre er trist og skjønar ikkje kvifor ein vil arbeide med det, men det er ikkje berre trist, seier moldensaren og legg til: 

– Menneske kjem til å døy, men du kan bistå og sørgje for at ein person får best mogeleg avskjed.

Har planlagt si eiga gravferd

– Har du planlagt di eiga gravferd?

– Frå A til Å. Eg veit kvar bidige detalj. Kva song som skal verte spelt når kista vert bert ut, kva lys som skal mot kista, når døra skal opnast, at eg skal ha LED-lys langs golvet. Det skal ikkje stå på det, fortel Kirkeland og ler. 

Akkurat no står mellom anna Time to say goodbye av Andrea Bocelli på gravferdsspelelista.  

– Men det endrar seg med tida. Plutseleg høyrer eg ein song og tenkjer: den

– Kva draumar har du for framtida?

– Så lenge eg har det bra og har ei indre ro, så bryr meg ikkje om eg er suksessfull, har familie og jobb, og ditt og datt. Det viktige er å vere lukkeleg i seg sjølv, i staden for at andre synest du ser lukkeleg ut.


Taksidermist Vidar Aa. Djupvik starta eige bedrift og jobbar sjølvstendig, noko ein taksidermist må vera førebudd på. Foto: Privat