Ungdomspartia vil ha tannhelsereform inn i regjeringserklæringa

Både AUF, Senterungdommen og fagrørsla krev at regjeringsforhandlingane i Hurdal får tannhelsereforma på programmet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi forventar at ein får det med i ei regjeringserklæring og startar på arbeidet med å setje i verk ei offentleg tannhelsereform, seier Victoria De Oliveira, leiar av Fagforbundet Ung, til VG.

Også leiarane av AUF og Senterungdommen krev at dei to moderpartia leverer ei ny velferdsreform.

– Eg håpar at ein i regjeringserklæringa i alle fall seier at ein ønskjer ei tannhelsereform, og at ein kan starte innfasinga for nokre grupper, seier AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem.

Torleik Svelle, leiar av Senterungdommen, seier at han håpar at «Hurdalskameratane» kjem i gang med arbeidet og byrjar å sjå på korleis ei tannhelsereform kan sjå ut.

Begge partia har med i partiprogramma sine at dei ønskjer ei offentleg tannhelsereform. Arbeidarpartiet har òg lova i hundredagarsplanen sin at dei vil starte på ei slik reform, skriv VG.

Men ei tannhelsereform vil vere kostbar, og det vil krevje tøffe prioriteringar i statsbudsjetta.


Den er fantastisk kjekt å byggje oppatt skadde framtenner, slik at folk kan smile breitt igjen, fortel tannlege Signe Rydland. Foto: Privat