Bokmelding: I hverandres verden – Som ein kampsong

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst ikkje noko problem på jorda som er større enn klimakrisa. Med debutboka si – I hverandres verden – har klimaaktivst Penelope Lea samla nokon av dei skarpaste hovuda for å tenkja høgt om kva me kan gjera.

Vitnesbyrd om kvifor klimakrisa hastar

I hverandres verden er sett saman av elleve intervju. I boka får me møta ulike menneske som har engasjert seg for eller har mykje kunnskap om klimaet og miljøet.

Omslag: Cappelen Damm

Me blir presentert mange ulike innfallsvinklar til temaet klimaendringar. Både aktivistar, diplomatar, byråkratar, politikarar og forskarar kjem til ordet. Alle formidlar dei framifrå vitnesbyrd om kvifor klimakrisa hastar.

Eg er imponert av kor gode Penelope Lea og intervjuobjekta hennar er til å reflektera. Det er ikkje mangel på evna til å forklara kvifor ein meiner og tenkjer slik som ein gjer. Og dei set ord på viktige tankar.

Viss ein treng ammunisjon til ein klima-debatt finn ein nok av det i denne boka. 

Klimakamp på 70-talet til no

Det aller beste med boka er når me får døme på at klimakamp, det verkar faktisk. Særleg orda til Gro Harlem Brundtland er oppmuntrande.

Ho fortel at då ho blei miljøvernministar i 1974 var miljøsaka noko særs få brydde seg om. Men no har meir kunnskap hjå befolkninga ført til meir handling: «Nå har langt flere forstått dybden i klimaproblematikken. […] ting går fremover.»

Bruntland seier òg:

«Det har nok hjulpet at vi har hatt ungdomsaktivistene de siste 2–3 årene. Det er ingen tvil om at denne bølgen har fått flere til å våkne opp. Det ble en ny runde på bevisstgjøringen, som kanskje vekket både gamle og middelaldrende til å tenke en gang til.» 

I tilegg til intervjua inneheld boka massevis av nyttig info. Til dømes gode tips om kor ein kan lesa og læra meir.

Berre eitt ankepunkt

Eg har eigentleg berre eitt ankepunkt: eg klarar nemleg ikkje å sjå at ein kan få mykje ut av boka om ein ikkje har ein god dose med kunnskap og engasjement frå før. Det hadde nok vore bra om teksten oftare tok pausar, tok seg tid til å forklara detaljane.

Dette er kanskje ikkje boka for dei som berre er nyfikne på klimaendringane. Men ho fungerar veldig bra som ein kampsong for dei som allereie er med.


Penelope Lea på klimabrølet 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

I hverandres verden

Forfattar: Penelope Lea

Forlag: Cappelen Damm

Utgitt: 2021

Sjanger: Sakprosa