Penelope Lea (17): – Det er feil og farleg at vaksne mobbar barn og unge

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då beskyttar vi deira rett til å mobba i staden for å beskytta barn og unge sin rett til å uttrykka seg, seier Penelope Lea.

Sidan ho var 8 år har ho stått stødig i kampen for at verdas politikarar skal ta klimakrisa på alvor. Då ho var 15 år blei ho UNICEF sin ambassadør for klima og berekraftig utvikling, og det er ho framleis.

– Det er farleg og gale at nokon mobbar barn og unge som engasjerer seg, seier ho.

Før las ikkje Penelope kommentarar.

– Men, no les eg dei. Eg har god støtte rundt meg. Det gjer at eg toler å stå i det, men det betyr ikkje at det er greitt at vaksne folk spreier hat og hets, seier ho.

Netthetsen aukar

Penelope Lea er ikkje åleine om å oppleve netthets på grunn av sitt politiske engasjement. MDG-politikar Oda Sofie Pettersen (21) har tidlegare fortalt Framtida at ho ikkje les kommentarfelt om ho kan unngå det.

– Eg trur det vert ekstra ille fordi eg representerer eit parti som er radikale i klimapolitikken, då er det nokre som taklar det med motangrep og hersketeknikkar, sa Pettersen då Framtida snakka med ho.

Ei undersøking Opinion har gjort på oppdrag for Stortinget viser at nesten 3 av 4 politisk aktive i alderen 15-20 år har fått negative kommentarar eller reaksjonar.

Ifølgje Ipsos oppgjev nesten halvparten av unge mellom 18 og 29 år at dei er bekymra for å verte utsette for netthets.

Ein ny rapport frå Press – Redd Barna Ungdom syner at hets, trakassering og mobbing på nett er eit stort og aukande problem.

– Unge tør ikkje delta i debatten, fordi dei er redde for å verte mobba. Det har vaksne eit ansvar for å gjere noko med, særleg fordi det ofte er vaksne hetsen kjem frå, uttalte Press-leiar Lea Mariero i ei pressemelding.

Vi skal ikkje akseptere det

– I byrjinga tenkte eg at mobbing, hat og hets er noko eg må akseptera fordi eg er synleg og engasjert. Men, det blir heilt feil. Kva er det vi aksepterer då, viss vi tenkjer slik? Det er ikkje noko vi skal måtte tole, seier Penelope Lea.

Ho er redd mange unge ikkje vågar å kasta seg ut i viktig arbeid for klima.

– Vi mister mange unge stemmer fordi det er for vanskeleg å stå i hat og hets. Då mister vi også krefter og stemmer som samfunnet vårt sårt treng no. Vi må for at det blir tryggare for barn og unge å ytra seg, seier ho.

Må vera lett å politimelde

Erfaringa til Penelope Lea viser at media har eit stort ansvar.

– Det kjem mykje hets fordi media set ting på spissen og lagar overskrifter som skal selja aviser. Mange er heller ikkje gode nok på å passa på kommentarfelta.

Penelope er oppteken av at politiet får meir pengar til å ta tak i sakene som blir meldt til politiet. Og at dei gjer det lettare å melda ifrå.

– Då viser også dei tydeleg at det ikkje er lovleg å halda på slik, seier ho.

– Til barn og unge som strevar med mobbing og hets vil eg seie at eg veit kor tungt det kan vera. Stemma di betyr noko, og du har rett til å bruka ho og bli høyrt. Viss det blir vanskeleg å stå i det åleine, kontakt organisasjonar eller andre som kan hjelpa deg. For meg har det blitt viktig å «aktivera det gode» i møte med hat og hets, slik at det følest større.


Erna Solberg (H) og Jonas Gahr Støre (Ap) er blant politikarane som støttar Amnesty-kampanjen. Illustrasjonsfoto: Torbjørn Kjosvold, SMK/Flickr/CC BY-NC 2.0, Håkon Mosvold Larsen / NTB , Brett Jordan/NTB