MDG og KrF enda mindre enn 7.000 stemmer under sperregrensa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøpartiet Dei Grøne mangla ifølgje NTBs utrekningar 5.258 stemmer for å nå sperregrensa på 4 prosent. Kristeleg Folkeparti mangla 6.157.

Med dette valresultatet blir MDG representert med Une Bastholm frå Akershus og Lan Marie Berg og Rasmus Hansson frå Oslo. Dei har fått såkalla direktemandat. Hadde dei kryssa sperregrensa på 4 prosent, kunne dei fått tre–fire utjamningsmandat i tillegg.

For KrFs del består den nye stortingsgruppa av Kjell Ingolf Ropstad frå Vest-Agder, Olaug Bollestad frå Rogaland og Dag Inge Ulstein frå Hordaland. Dei ville òg fått tre–fire utjamningsmandat på toppen av dette, hadde dei fått dei vel 6.200 stemmene dei mangla.

Til saman er det talt opp 2.905.743 stemmer, viser Valdirektoratets oversikt. Det står framleis att å telje 0,2 prosent av dei avlagde stemmene, så utrekninga er ikkje heilt presis. Det er likevel snakk om såpass få stemmer at det knapt vil påverke tala for KrF og MDG.