Snittalderen på Stortinget kryp ned til 45 år

Representantane på det nye Stortinget har ein gjennomsnittsalder på berre dryge 45 år. I fleire fylke er snittalderen under 40.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Troms er dei seks representantane i gjennomsnitt 37,8 år gamle. I Hedmark er snittet 38 år, i Aust-Agder 39,5 år og i Møre og Romsdal 39,8 år, ifølgje NRK.

I den andre enden av skalaen finn vi Oppland der snittet er 50,7 år, mens det i Finnmark er 54 år, Buskerud 55,1 år og Vest-Agder 55,6 år.

– Nasjonalforsamlinga bør jo spegle befolkninga, ikkje berre ut frå parti og heimfylke, men også når det gjeld alder, seier Jon Helge Lesjø, samfunnsforskar ved Høgskolen i Innlandet.

Mens 16 av dei folkevalde for stortingsperioden 2017–2021 er i 20-åra, er det 24 representantar som har feira 60-årsdagane sine.

Eit snitt på berre 45 år betyr at Stortinget har den yngste samansetninga nokon gong. Dei siste fire periodane har representantane hatt ein snittalder på 46 år, viser Stortingets eigen oversikt. I 1961 var gjennomsnittsalderen 53,2 år. For nesten 100 år sidan, i 1918, var snittalderen 51,5 år.