Valprognose: Fleirtal for raudgrøn regjering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet får saman 88 av 169 mandat, viss prognosen står seg.

Det betyr at Ap-leiar Jonas Gahr Støre ligg an til å kunne danne regjering med dei to føretrekte samarbeidspartnarane sine – og sleppe å vere avhengig av støtte frå Raudt eller Miljøpartiet Dei Grøne.

Samtidig viser prognosen ein nærast valkollaps for den borgarlege blokka, som berre ligg an til å få 64 mandat.

MDG og Raudt kjem i prognosen over sperregrensa for første gong.

Både KrF og Venstre ligg derimot an til å falle under sperregrensa. Men marginane er hårfine, og utfallet er truleg ikkje gitt før langt utpå valkvelden.

Valsiger for Støre

For Arbeidarpartiet ligg prognosen langt høgare enn målingane før valet tydde på.

Med ei oppslutning på 26,5 prosent er Ap det største partiet i landet med god margin, og partileiar Jonas Gahr Støre ligg no svært godt an til å bli neste statsministeren i landet.

– Kva som blir utfallet av valet, får i svar på i kveld. Dersom det blir fleirtal, har vi vore tydelege på kva som er plan A. Elles får vi ta det i den rekkjefølgja det kjem. Vi vil ta oss god tid til å snakke saman med dei andre partia, og vi har respekt for at dette ikkje er avgjort før det er avgjort, sa Støre på veg inn til Aps valvake på Youngstorget måndag kveld.

Støre har i valkampen lagt vekt på at Ap har løfta seg på meiningsmålingane det siste halvåret etter ein lang periode prega av metoo, personkonfliktar og maktkamp i partiet.

Men oppslutninga er òg Aps svakaste ved eit stortingsval sidan 2001. Før det må vi heilt tilbake til 1924 for å finne eit dårlegare valresultat for «ørnen» blant partia.

Vinden snudde for Vedum

For Senterpartiet og leiar Trygve Slagsvold Vedum er prognosen tosidig.

Sp er ifølgje prognosen det partiet som går mest fram samanlikna med valet i 2017.

Men i vinter var Sp i ein periode større enn Ap på målingane med ei oppslutning på over 20 prosent. Trenden snudde i februar, og i august byrja partiet å falle raskt. Prognosen tyder no på ei oppslutning på 14,7 prosent.

Det vil vere Sps beste resultat i eit stortingsval sidan det EU-prega valet i 1993, men er likevel svakare enn det Sp låg an til for berre få månader sidan.

Kjemper mot sperregrensa

Kristeleg Folkeparti ligg ifølgje prognosen an til å hamne under sperregrensa på 4 prosent. Prognosen tilseier dermed eit valresultat som er det dårlegaste sidan 1936 for partiet, som vart stifta tre år tidlegare.

Årets stortingsval er det første med Kjell Ingolf Ropstad som leiar – og det første sidan partisplittinga etter det bitre retningsvalet i 2018. Prognosen låg klokka 21 på 3,9 prosent.

Også regjeringspartnar og sentrumskamerat Venstre kjempar mot sperregrensa, og vippa rundt 4-talet på prognosen. Då klokka runda 21 valkvelden, låg Guri Melby og folket hennar an til å få rett over 3,5 prosent.

Kollaps for Frp og Høgre

Dei største taparane av valet i talet på stemmer er Framstegspartiet og Høgre.

Frp ligg i prognosen på 11,5 prosent, ned 3,7 prosentpoeng frå førre val. Høgre ligg på 18,7 prosent, ned 6,4 prosentpoeng.

Sannsynlegvis vil valresultat dermed bety slutten for Høgre-leiar Erna Solbergs åtte år som statsminister.

Høgre sleit tungt på målingane allereie i 2020, men fekk eit kraftig løft då koronapandemien ramma Noreg. Først etter «Sushigate» i vinter, der Solberg til slutt vart dømd til bot for brot på koronareglane i samband med ein middag, snudde trenden.

Frp skifta for sin del partileiar i vinter etter ein periode med svake målingar, men løfta som partiet hadde håpa på, svikta.

SV får 7,7 prosent i prognosen og går dermed fram frå 2017-valet.


20 år gamle Camilla Maria Brekke frå Holmestrand er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold og kan verta tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Arbeidarpartiet