Forskar bekymra over stadig fleire misfornøgde elevar i norske skular

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den generelle trivselen i norsk skule er høg. Men når vi samanliknar svaret til elevane og ser utviklinga over tid, gir dette eit tydeleg bilete: Det er ein klar negativ trend som bekymrar oss, seier forskar Anders Bakken, som er leiar for Ungdatasenteret NOVA ved Oslomet, til Dagsavisen.

I undersøkinga «Ungdata 2021», som vart publisert for nokre veker sidan, har over 140.000 skuleelevar mellom 13 og 18 år delteke.

Universitetet i Bergens Hevas-undersøking kartlegg òg jamleg elevars trivsel. Professor Oddrun Samdal, som leier denne undersøkinga, seier at dei har sett ei negativ utvikling over tid hos ungdom når det gjeld stress, særleg frå 2016 til 2020.

– Å ha utfordringar og forventningar treng ikkje vere negativt. Problema oppstår når det over tid kjennest som ting veks deg over hovudet og du ikkje lenger opplever at du har det som skal til for å oppfylle krava og forventningane som blir stilte, seier Samdal.

– Dei fleste trivst

Statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet meiner det er viktig å slå fast at dei aller fleste elevane i norske skular trivst og har det bra.

– Så er det slik at vi ser teikn til endring i motivasjonen og trivselen til elevane. Vi må finne meir ut av årsakene til desse endringane. Kjem det av forhold på skulen eller utanfor skulen, eller ein kombinasjon. Vi må òg vite meir om forskjellar mellom ulike elevgrupper, skriv ho i ein e-post til Dagsavisen.

Ho viser til at eit forslag til ny opplæringslov er på høyring no, der eitt av dei viktige grepa der er at elevens beste skal takast omsyn til og elevane skal bli høyrt i saker som gjeld dei.

– Vi har òg teke grep for å styrkje elevdemokratiet gjennom opplæringslova, og i sum kan vi forhåpentleg forvente oss at dette vil få effekt òg for trivsel og motivasjon, skriv Johansen.

Vil ha eit retningsskifte

Undersøkingane viser at Høgres skulepolitikk ikkje har fungert og at det er på tide med eit retningsskifte i skulen, meiner Aps utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg, som også er nestleiar i Stortingets utdanningskomité.

– Vi treng ein skule der ulike barn både lærer og trivst godt, og får ei opplæring som er meir praktisk og utforskande og ikkje så stillesitjande og teoretisk som i dag, skriv han i ei utsegn til NTB.

Han meiner at for mykje fokus på testar og testresultat er blant årsakene til at mange mistrivst på skulen.

– Overdriven testing og rapportering kan øydeleggje for god tilpassing, og rammar dei mest sårbare elevane hardast. Elevane skal lære for livet, ikkje først og fremst for neste prøve, seier Tvedt Solberg.


Minotenk gjev ut “Håndbok mot rasisme” for at lærarar og elevar skal ha eit vektøy i møte med rasisme. – Skulen er kanskje den viktigaste arenaen kor me kan motverke rasisme i samfunnet, seier Linda Noor i Minotenk. Foto: Minotenk.