Kvar fjerde 10-12-åring tek smertestillande tablettar kvar veke

26 prosent av norske barn i 5. til 7. klasse seier dei tek smertestillande tablettar minst ein gong i veka. Andelen er høgast blant jenter i 7. klasse.

NPK-NTB-Mette Estep
Publisert

Det kjem fram av den ferske rapporten basert på svar frå Ungdata junior, ei undersøking frå Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet. Undersøkinga hentar inn svar frå 102 000 ungdommar i 199 norske kommunar.

Allereie i fjor ropte forskarane på NOVA varsku om overraskande og svært høge tal for legemiddelbruk i denne aldersgruppa då rapporten Ung i Oslo 2023 kom. Dei nasjonale tala stadfestar måndag at trenden gjeld for resten av landet også: Ein av fire tek smertestillande middel kvar veke.

10-12-åringane tyr tilsynelatande oftare til smertestillande enn elevar på ungdomstrinnet og vidaregåande skule. I undersøkinga svarer 10 prosent av barna at dei ofte slit med ulike former for helseplager, som kvalme, hovudverk eller magesmerter og kjensler av mismot.

Feilbruk og tilgang

Helsedirektoratet (Hdir) reagerer på at ein del unge har smertestillande lett tilgjengeleg og tyr til desse for plager legemidla ikkje er meinte å hjelpe for, som å takle stress og uro. Mange unge knyter også smertestillande tablettar til det å meistre sosialt samspel betre, som hjelp når ein gruer seg til noko eller som hjelp til å sovne.

– Nyare kunnskap tyder på ei haldningsendring i befolkninga, særleg blant den yngre generasjonen: Terskelen for å bruke smertestillande legemiddel har vorte lågare, og kvardagslege livssmerter blir handterte oftare med reseptfrie smertestillande legemiddel, seier divisjonsdirektør Linda Granlund til NTB.

Ho påpeikar at foreldre har ei viktig rolle både fordi dei langt på veg styrer tilgangen til legemiddel og fordi dei påverkar kva haldningar unge tek med seg inn i vaksenlivet.

Barn og unge treng også å lære seg eit repertoar for livsmeistring, at det finst gode strategiar og metodar for å førebyggje eller dempe plager – også utan legemiddel. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Kunnskapsmangel

Det mest brukte reseptfrie smertestillande middelet i Noreg er Paracetamol. I fjor vart det ifølgje Folkehelseinstituttet selt over 11 millionar pakningar med Paracetamol på norske apotek og i daglegvarebutikkar. Helsestyresmaktene har åtvara mot å sjå på Paracetamol som heilt ufarleg.

Dei understrekar at Paracetamol er eit trygt førsteval ved feber og dei fleste fysiske smerter, men at legemiddel skal brukast rett, i rett dose og til det dei faktisk verkar mot. Hyppig bruk av paracetamol kan også gi auka risiko for varig hovudverk. Hdir reknar med at 2–3 prosent av befolkninga i Noreg har medikamentoverforbrukshovudverk som kjem av overforbruk av Paracetamol.

I år lanserte Hdir ein kampanje retta mot unge og foreldre der det blir oppmoda til å tenkje seg om før dei tek – eller gir – smertestillande. Ein del av bodskapen er å ikkje alltid tilby smertestillande kvar gong barnet slit med noko.

– Barn og unge treng også å lære seg eit repertoar for livsmeistring, at smerter og plager er ein del av livet – og at det finst gode strategiar og metodar for å førebyggje eller dempe slike plager – også utan legemiddel, seier Granlund.