Skuledebattane i Møre og Romsdal blir digitale – ungdompolitikarane møtte opp likevel. I Oslo har derimot ungdomspartia bede om å avlyse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For mange elevar så er jo nettopp skuledebattane det første møtet med politikken. Det er gjerne førstegongsveljarar som ikkje har stemt før som lurar på kva dei skal stemme, og som no ikkje får det grunnlaget dei skulle ha hatt for å finne ut kva parti som skal få deira første stemme, seier Dordi Boksasp Lerum på telefon til Framtida.no.
I dag skulle leiaren av Senterungdommen i Møre og Romsdal ha sparka i gang årets første skuledebatt i fylket saman med resten av ungdomspartia. Men, fredag bestemte fylkeskommunen at skuledebattane og valtorga på grunn av smittesituasjonen ikkje blir gjennomførte fysisk for alle elevane, slik det har vore planlagt.
– Det går jo eigentleg på demokratiet laust at ein ikkje får gjennomført skuledebattar slik det var tenkt, legg Lerum til.
NRK og Romsdals budstikke har omtalt saka.
Paneldebatt og digital deltaking
I ei pressemelding laurdag viste fylkeskommunen til at det var registrert smitte på fem vidaregåande skular, noko som påverkar over 200 elevar. Skulane i Ålesund kommune har gått til gult nivå.
Fylkeskommunen har bestemt at det i staden for fysiske skuledebattar og valtorg blir lagt opp til ei alternativ gjennomføring med paneldebatt, der eit utval av elevane får delta fysisk, medan resten av elevane følgjer debattane frå klasserommet.
Desse debattane vil berre finne stad på tre av skulane i fylket, og dei andre skulane blir inviterte til å delta digitalt.
– Det er mykje ein kunne gjort, men ein har valt å gå så langt som ein har gjort no. I det politiske vedtaket står det at viss det ikkje er mogleg å gjennomføre fysiske debattar på grunn av smitte, så skal det vere ein digital debatt på kvar skule. Slik er det jo ikkje no. No har dei sentralisert debattane, seier Lerum i Senterungdommen.
Ho understrekar vidare at alle ungdompolitikarane tek smittesituasjonen på alvor og at dei har forståing for at ein må gå til digitale møte der det er gult nivå, men er kritiskt til at ein handsamar heile fylket under eitt.
– Det er mange tiltak ein kunne hatt før ein valde å sentralisere debattane, mellom anna å kutte valtorga, som ikkje er så smittevenlege.
Møtte opp i protest
På Surnadal vidaregåande skole, der den første skuledebatten skulle ha funne stad, møtte Lerum og dei andre ungdomspolitikarane likevel opp i protest i dag.
– Ungdomspartia møtte opp i Surnadal i ein fredeleg protest mot det her. No er vi på veg til fylkesutvalsmøte der vi håpar å få eit godt vedtak, seier ho.
Dordi Boksasp Lerum synest prosessen rundt avgjerda frå fylket er useriøs og uprofesjonell.
– Vi har hatt juristar no som seier at det kan vere ulovleg, fordi det går imot politiske vedtak. Så det er ein ugrei prosess, og vi i ungdomspartia har vore lite involvete.
Beredskapskoordinator i fylkeskommunen, Eirik Jenssen, seier til NRK at dei har gjort ei totalvurdering av situasjonen og avviser at vedtaket er ulovleg.
– Vi har kome til at dette er ei fornuftig løysing for gjennomføring slik utviklinga i smitten har vore den siste veka, og at vi er føre var, seier Jenssen til kanalen.
Oslo-politikarane bad om avlysing
På den andre sida av landet, i Oslo, har derimot ungdomspolitikarane sjølv gått ut og bede om at dei planlagde fysiske skuledebattane og valtorga blir digitale. Det har vore store smitteutbrot ved skulane i området den siste veka. Mellom anna er 128 personar smitta ved Foss vgs.
Hassan Nawas, leiar i Oslo Unge Høgre, seier til VG at smittesituasjonen ved vidaregåande skular i Oslo er så alvorleg at dei har tatt initiativ til å stoppe skuledebattane og valtorga fram til stortingsvalet.
– Vi må vri til digitale debattar, uttalar han.
Saman med KrFU, Unge Venstre, Senterungdommen, FpU og Grøn Ungdom oppmoda partiet vidaregåande skular i Oslo om å droppe dei planlagte fysiske skuledebattane og heller gjere dei digitale. Dei tre som skulle finne stad måndag er blitt avlyste.
Leiaren for Senterungdommen i Møre og Romsdal seier ho har respekt for avgjerda til Oslo-politikarane, men viser til at situasjonen i Møre og Romsdal ikkje er samanliknbar, verken når det kjem til geografiske avstandar, tal på elevar og smittesituasjonen.
- Skal du arrangere eller vere ordstyrar for ein debatt? Her får du hjelp til å styre debatten: 16 tips til ein god skuledebatt