Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste vidaregåande skulane i Noreg arrangerer skuledebatt før valet og skulevalet. Her får du nokre tips til å laga ein god struktur for debatten og leia debatten på ein god måte.

Før debatten:

1. Bestem 2-4 hovudtema for debatten. Det er lurt å velja tema som kan vera interessante for ungdom. Viss det er tid, så kan det vera fint at elevrådet bestemmer tema for debatten. Eksempel på tema: klima, samferdsel, skule og utdanning, kva skal me leva av i framtida, kamp mot fattigdom i Noreg og verda, arbeidsliv, innvandring osb.

2. Debatten bør vera på mellom 60 og 90 minutt. Med tre tema, bør han vera meir enn 60 minutt.

3. Lag ein køyreplan for kor lang tid kvar del av debatten skal ta. Set gjerne eit mål for debatten, og kva ein skal ha vore innom i løpet av debatten. Sjå døme på eit slik tidsskjema lenger nede!

4. Inviterer politikarane i god tid på førehand, og informer politikarane om køyreplan, reglar for debatten og kven andre som stiller på førehand. Utdanningsdirektoratet tilrår å ikkje invitera fleire enn dei ni største partia. Det er fint om dei kjem minst 20 minutt før debatten startar.

5. Les deg opp på temaet du vil ta opp. Her finn du dei siste sakene som Framtida.no har skrive om klima, skule, samferdsel og forskjellige andre tema.

6. Lag spørsmål sjølv og få andre til å laga spørsmål som kan stillast. Lag både opne spørsmål som gjerne byrjar med spørjeordna: Kva, kvifor, kva tid osb. og nokre ja/nei-spørsmål. Ta gjerne med ja- og nei-skilt til kvar av politikarane, slik at dei kan visa kva partia deira meiner om nokre spørsmål.

7. Avtal gjerne med nokre elevar på førehand om å stilla spørsmål undervegs i debatten.

Framtida.no har vore med på å kurs over 2000 ungdommar i debatt. Her frå ein skuledebatt i Haugesund folkebibliotek i oktober 2021. Foto: Svein Olav B. Langåker

På debattdagen:

8. Hels på debattantane når dei kjem til skulen, og informer dei igjen om køyreplan og reglar for debatten. Sei ifrå om ufin språkbruk og hersketeknikkar blir slått ned på. Ver tydeleg på at dersom de seier «Takk, då går me vidare», så skal dei respektera det.

9. Det er lurt å avklara kor lang tid debattantane får på innlegg og replikk. 1 minutt er vanleg. Det er vanleg å la 1-2 parti få svara på innlegga gjennom ein replikk. Då er det nok med 30 sekund. Viss det er tid, så er det mogleg å la partiet som heldt innlegget få svara på replikken.

10. Det er lurt av avklara eit teikn til debattantane om at dei er over dei siste 30 sekundane for innlegget deira. Bank lett på mikrofonen eller på bordet. Avtal òg eit teikn som du kan gi til dei som styrer lyden slik at dei kan skru ned lyden på dei som ikkje held seg til reglane.

Frå ein debatt i Kvinnherad om flyktningsituasjonen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Under debatten:

11. Dersom eit parti blir angripe, så må dei få lov til å svara. Av og til kan parti angripa kvarandre kvar gong dei får ordet, og på den måten bruka opp tida til andre parti. Då kan det vera lurt å seia at det berre får svara på kritikken, og så ta debatten vidare.

12. Viss fleire parti blir angripne, som f.eks. regjeringspartia eller dei raud-grøne, så treng ikkje alle få svara. Då kan du til dømes gi ordet til det partiet som har fått minst taletid.

13. Blir det høg temperatur i debatten, eller går debatten i ring? Bruk gjerne ja/nei-spørsmål til å gå vidare eller før eit nytt tema. Viss du ikkje har ja/nei-skilt, så kan du be dei rekka opp ei hand viss dei er einige.

14. Det er du som ordstyrar som er sjefen for debatten. Ver tydeleg på at hersketeknikkar og nedlatande språkbruk ikkje er greitt.

15. Pass på tida og det blir tid til å gå gjennom alle tema for debatten. Ver tydeleg på at det er på tide å koma seg vidare. Avslutningsappellen er viktig for debattantane, så han bør ikkje kuttast i.

16. Takk av for debatten, og ønsk alle eit godt val. Dersom det er valtorg på skulen, så kan det vera lurt å informera om det, og oppmoda elevane på skulen om å ta ein tur innom det.

Skjermdump frå «Skolestreikernes partidebatt», 25.09.20.

Døme på køyreplan/tidsskjema for debatt med start kl. 12, som varer til kl. 13.25:

12.00: Velkommen v/rektor eller elevrådsleiar – 1 min

12.01: Ordstyrar fortel om kva som skal skje i debatten og reglane for den – 1 min

12.03: Tema 1: Samferdsel: Kvart parti får 1 min til å presentera sin politikk om temaet (start med FpU, så til Raud Ungdom, så til Unge Høgre, så til Sosialistisk Ungdom, så til Unge Venstre så til AUF, så til KrFU, så til Grøn Ungdom og så til Senterungdommen) 9 min

12.13: Spørsmål om samferdsel frå elevane i salen. Viss ingen har spørsmål i starten, så er det lurt å ha klar nokre spørsmål sjølv.

12.25: Tema 2: Klima: Kvart parti får 1 min til å presentera sin politikk om temaet (startar med Senterungdommen, så til Grøn Ungdom, så til KrFU, så til AUF, så til Unge Venstre, så til SU, så til Unge Høgre, så til Raud Ungdom og så til FpU)

12.35: Spørsmål om klima frå elevane i salen. Viss ingen har spørsmål i starten, så er det lurt å ha klar nokre spørsmål sjølv.

12.48: Tema 3: Skule og utdanning: start med FpU., så til Raud Ungdom, så til Unge Høgre, så til SU, så til Unge Venstre så til AUF, så til KrFU, så til Grøn Ungdom og så til Senterungdommen) 9 min

13.58: Spørsmål om skule og utdanning frå elevane i salen. Viss ingen har spørsmål i starten, så er det lurt å ha klar nokre spørsmål sjølv.

13.10: 1 minutt og 30 sekund sluttappell frå debattantane: (startar med Senterungdommen, så til Grøn Ungdom, så til KrFU, så til AUF, så til Unge Venstre, så til SU, så til Unge Høgre, så til Raud Ungdom og så til FpU)

13.24: Avslutning: Ordstyrar takkar for debatten, og ønsker alle eit godt val. Dersom det er valtorg på skulen, så kan det vera lurt å informera om det, og oppmoda elevane på skulen om å ta ein tur innom det.


Debatt i Bømlo folkebibliotek.