Etter ein årleg nedgang i delen unge utanfor sidan 2015, er trenden no broten. Ifølgje førebelse tal frå SSB var i overkant av 114.000 personar i alderen 15 til 29 år utanfor ved utgangen av 4. kvartal i fjor.
Delen auka med 0,7 prosentpoeng mellom 2019 og 2020. Auken kjem mellom anna av ein nedgang i sysselsetjingsdelen på 1,5 prosentpoeng og ein auke i registrerte arbeidsledige på 0,9 prosentpoeng.
Pandemieffekt
– Denne utviklinga på arbeidsmarknaden kan sjåast i samanheng med koronapandemien og har vore sterkare for dei unge enn for resten av befolkninga, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB.
Til samanlikning gjekk sysselsetjinga for personar over 30 år ned med 1 prosentpoeng, medan arbeidsløysa auka med 0,6 prosentpoeng.
Unge med grunnskule som høgaste fullførte utdanningsnivå har generelt den største delen utanfor, sjølv om auken der var svakare.
- Les også: Tett oppfølging hjelper unge uføre ut i arbeid: – Ingen er god på alt, men alle er god på noko
