Legar krev hjelmpåbod for elsparkesyklar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom april og juli har sjukehuset registrert ei dobling av sykkelrelaterte skadar samanlikna med same periode i fjor. I 2020 vart det registrert 46 skadar, i år 90, skriv NRK.

Hovudgrunnen til auken er ulykker med elsparkesyklar.

– Veldig mange skadar er relaterte til aktivitetar på kveld, natt og helg. Det er utruleg at det ikkje er påbod om bruk av hjelm, seier seksjonsleiar ved skade- og traumepoliklinikken Ragnhild Rosøy Skorstad.

Overlege Jean-Paul Grabner von Rosenberg peikar på at mørketala kan vere store.

– Eg trur påbod om hjelm for elsparkesyklar er ei uunngåeleg sak, og noko som vil bli innført fordi vi ser at skadeomfanget stig, seier han.

Ifølgje ei undersøking Trygg Trafikk og Tryg Forsikring gjorde i mai, ønskjer sju av ti eit påbod om bruk av hjelm når ein køyrer elsparkesykkel.


Bakgrunnsfoto: Ssu / Wikimedia Commons/ CC BY-SA 4.0. Foto av Knut Arild Hareide: Torbjørn Tandberg/Regjeringen.no