Éin av seks kommunar oppfyller ikkje kravet om psykologkompetanse

Det kjem stadig fleire psykologar inn i helse- og omsorgstenesta, men berre 84 prosent av kommunane hadde slik kompetanse ved utgangen av 2020.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå og med 2020 er kommunane pålagde å ha psykologkompetanse i helse- og omsorgstenesta. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at eit klart fleirtal av kommunane har dette, og det er ein stor vekst i psykologårsverk i kommunane. Samstundes er det store regionale forskjellar.

Både i dei mest sentrale kommunane i landet og i dei nest mest sentrale kommunane er psykologdekninga 100 prosent, medan i dei aller minst sentrale kommunane er delen nede i 75 prosent.

Det vil seie at ved utgangen av 2020, eitt år etter at lovkravet tredde i kraft, stod framleis kvar fjerde av dei minst sentrale kommunane utan psykologkompetanse i helse- og omsorgstenesta.

Totalt oppgav nær 70 prosent av kommunane at dei hadde tilsett psykolog i kommunen, og 33 prosent hadde inngått samarbeid med andre kommunar om psykologkompetansen.

Troms og Finnmark, Vestland og Viken er dei tre fylka med høgast dekningsgrad i 2020, alle med 1 årsverk per 10.000 innbyggjarar, medan Rogaland ligg lågast med 0,5.


Foto av felipepelaquim/ Unsplash.