EMA: Ikkje bevis for at koronavaksine forstyrrar menstruasjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EMAs tryggingskomité (PRAC) har undersøkt hundrevis av rapportar frå kvinner som har meldt frå om ulike former for menstruasjonsforstyrringar etter å ha fått koronavaksine.

Konklusjonen er at det hittil ikkje finst bevis for at det er vaksinen som forårsakar desse forstyrringane, skriv det svenske tidsskriftet Läkemedelsvärlden.

PRAC påpeikar at menstruasjonsforstyrringar er vanleg og at det ofte finst utan noka medisinsk underliggjande årsak.

Vanlege årsaker er ofte stress og trøyttleik, men også sjukdomstilstandar som endometriose, ifølgje PRAC.

EMAs tryggingskomité skal likevel undersøkje moglegheita for ein årsakssamanheng vidare og har bede alle EU-godkjente vaksineprodusentar om å bidra med ytterlegare data.