Systerpartia til AUF om 22. juli: – Me må vera mange som engasjerer oss

Danmarks Socialdemokratiske Ungdom (DSU) og Sveriges Socialdemokratiska Ungdomsförbund (SSU) er systerpartia til norske AUF. I samanheng med 10-årsmarkeringa av 22. juli har Framtida.no intervjua dei skandinaviske systerpartia for å høyra korleis terroråtaket påverka dei.

Kristina Kassab Liland
Publisert
Oppdatert 27.07.2021 09:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 22. juli er for oss eit sår. Me vert minna på at det faktisk finst eit konkret hat mot det me står for politisk, som i sin ekstreme konsekvens kan skifta ut ord med våpen.

Det fortel leiaren i Danmarks Socialdemokratiske Ungdomsparti (DSU), Frederik Vad Nielsen, på e-post til Framtida.no. Han meiner 22. juli-angrepet har prega generasjonen av politisk aktive sidan, på same måte som 11. september prega den førre generasjonen.

Nielsen fortel at DSU og systerpartiet AUF har eit meget tett forhold, og med jamne mellomrom møtest dei på studieturar og – som nå til hausten – valkampar.

Frederik Vad Nielsen, leiar i DSU, skildrar 22. juli-terroren som “en begivenhed, som har påvirket vores generation af politiske aktive på samme måde som 11. september har gjort for den ældre generation.” Foto: Liselotte Sabroe / Scanpix

– Noko av det finaste med dei skandinaviske, sosialdemokratiske ungdomsorganisasjonane, er at me liknar kvarandre så mykje, held han fram med.

Nokre ting skil dei likevel frå kvarandre. I Danmark er DSU eit av dei største ungdomspartia med snautt 2000 medlem. Til samanlikning er AUF det styrste ungdomspartiet i Noreg med eit medlemstal på kring 14 000. Nielsen påpeiker at ungdom i Danmark har ein heilt annan kultur for å organisera seg politisk, og saknar meir statleg finansiering av ungdomspolitisk arbeid. Til dømes er ikkje dei danske ungdomspartia ein integrert del av statsstøtta som går til moderpartia.

Sverige liknar meir på Noreg: Sveriges Socialdemokratiska Ungdomsförbund har kring 17 000 medlem, utgjer landet sitt største ungdomsparti og har liknande organisasjonsstruktur.

Du finn ikkje to organisasjonar som er likare og står kvarandre så nær som SSU og AUF. Distrikta og lokallaga våre reiser over grensene og hjelper kvarandre under valkampar, og ettersom det er val annan kvart år i Noreg sest me ofte, skriv generalsekretær i SSU Andrea Törnestam e-post til Framtida.no.

– Me opplevde sorgen som veldig nær

Nærleiken Törnestam skildrar ser ein tydeleg når ho hugsar tilbake til terroråtaket.

– Me er fleire i leiinga til SSU som då følgde nyheitene med skrekk og fortviling, samstundes som SSU prøvde å informera alle om å ikkje ringa vennane sine i AUF som gøymde seg på øya, fortel ho.

I dagane etter åtaket arrangerte SSU demonstrasjonar og samlingar for dei og vennane deira.

– Me som var aktive i SSU kunne kjenna oss igjen i deltakaren på sin aller fyrste leir

Generalsekretær i SSU, Andrea Törnestam, opplevde at etter 22. juli engasjerte fleire ungdommar seg i politikken. Foto: SSU

– Me opplevde sorgen som veldig nær. Uansett om ein hadde nære vennar som gjekk bort eller ikkje, så kunne me som var aktive i SSU kjenne oss igjen i deltakaren på sin aller fyrste leir eller som leirleiar.

Det fekk også mange unge i Sverige til å villa gjera noko og engasjera seg politisk. Mange av dei førre leiarane i SSU dei siste åra vart med i SSU dagen etter åtaket, påpeiker ho.

Det same såg ein her i Noreg under valet i 2013 – det fyrste valet etter terroråtakinga. Frå 2007-2011 auka valdeltakinga med 11 prosentpoeng, og i tillegg fekk ungdomspartia kring 6000 nye medlem i 2011 samanlikna med året før.

Saknar eit oppgjer med høgreekstremisme

– Me treng å snakka sant om dei politiske motiva bak og kvifor terroristen retta åtaket på akkurat AUF og arbeidarrøyrsla. I Sverige har me sett det som ansvaret vårt å snakka om akkurat dette, fortel Törnestam.

Ho meiner at svensk media gav mindre og mindre merksemd til hendingane for kvart år som gjekk. Det var ein av grunnane til kvifor SSU stifta 22. juli-utmerkinga.

Skjermdump frå SSU si heimeside. Kvart år deler ungdomspartiet 22.-juli-utmerkinga til ein dei meiner har gjort ein viktig innsats mot høgreekstremistisk tankegods.

Kva for eit ansvar har dei digitale tenestene?

Men ser du på samfunnet i det store og heile er det som om ingen har lært seg noko. Dei same konspirasjonsteoriane og det same hatet veks på sosiale media, og vert støtta opp under av politiske partier. Facebook, Twitter og Google gjer diverre ekstremismen globalt, forklarar generalsekretæren i SSU.

Nielsen frå DSU er einig i at hatet veks på sosiale media og tykkjer det framleis trengst eit ordentleg politisk oppgjer med høgreekstremistiske tankegods.

– Dei digitale kjempene, som t.d. Facebook og Google, vert tvungne til å ta ansvaret dei ikkje ynskja

Leiaren i SSU, Philip Botström, meiner det difor er positivt at EU ynskar å skjerpa lovgivinga som gjeld ansvaret dei digitale tenestene har. Digital Services Act skal mellom anna sikra grunnleggande rettar for alle brukarar av digitale tenester og redusera spreiinga av desinformasjon.

Philip Botström meiner det er på tide at EU påbyr digitale tenester for å beskytta dei grunnleggande rettane til brukarane sine. Foto: SSU

– Me ser også korleis uregulerte digitale tenester legg til rette for organiserte og motiverte ekstremistar slik at dei når folk med bodskapa sine. Difor ser me positivt på at EU nå skjerper lovgivinga sånn at de digitale kjempene, som Facebook og Google, vert tvungne til å ta ansvaret dei ikkje ynskja, skriv han på e-post til Framtida.no

Han understrek at det fyrste som må vera på plass for å motverka høgreekstemisme er likevel likestilte samfunn, som bidreg til tillit og samhald mellom menneske.

– Til slutt handlar det om at me må vera mange som engasjerer oss.