– Me treng eit grønare Tyskland nå

Kristina Kassab Liland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Mellom-Europa herjar stormen «Bernd». NRK meldte seinast i går at det er registrert 190 døde som følgje av stormen, der 159 kjem frå Tyskland og 31 frå Belgia.

I Tyskland er det dei vestlege delstatane Nordrhein-Westfalen og Rheinland-Pfalz som har vorte hardast ramma, og elvane Rhinen og Ruhr renn over.

– Flommen er openbert eit resultat av klimakrisa, fortel medlem i det grøne ungdomspartiet Linus Pohl (21) over telefon til Framtida.no. 

Merkel lovar ny politikk

Pohl held fram:

– Eg er i München akkurat nå, som vil seia at eg ikkje er direkte påverka av stormen frå ein geografisk ståstad. Men forhåpentlegvis kjem stormen til å påverka heile landet under forbundsvalet til hausten.

Stormen har nøra opp under klimadebatten i Tyskland og kva som må gjerast for å unngå framtidige ekstremvêr og livstrugande klimaendringar.

Forbundskanslaren Angela Merkel besøkte ein av dei flomramma stadane i går. I tala hennar lova ho ein ny politikk som skal ta meir omsyn til natur og klima og eit Tyskland som skal slå ned på all vald mot naturen.

Arvtakaren hennar i CDU/CSU, Armin Laschet, har før stormen stilt seg kritisk til i kor stor grad menneske står bak global oppvarming og vitskapen bak det.

Sidan stormen har han derimot oppfordra til ein meir klimabevisst politikk. Han understrekar at det ikkje berre gjeld Tyskland, men heile det internasjonale samfunnet.

Press frå alle kantar

– Dei største partia i Tyskland, det sosialdemokratiske SPD eller Merkels CDU, er ikkje progressive nok. Dei beskytter bilindustrien på grunn av dei mange arbeidsplassane. Lenge har bilindustrien sloppe unna reelle klimatiltak, fortel Pohl, som sjølv stemmer Die Grünen og er aktiv i Grüne Jugend.

Linus Pohl (21) er med i ungdomspartiet til det tyske miljøpartiet Die Grünen. Han trur stormen som går føre seg i Tyskland no kan dytta politikken i ei grønare retning. Foto: Privat

Grüne Jugend er det uavhengige ungdomspartiet til det største og viktigaste miljøpartiet i Tyskland, Bündnis 90/Die Grünen. Sjølv om ungdomspartiet reknar seg sjølv som uavhengig og har andre fordringar til enkelte saker enn partiet, er dei likevel tett bundne til kvarandre. I dag har ungdomspartiet eit medlemstal på 15 000 og er dimed det fjerde største ungdomspartiet i Tyskland.

Tyskland kan endra seg til det grønare

Han trur at det vert slutt på spesialbehandling av bilindustrien i tida framover.

14. juli presenterte EU-kommisjonen forslag til korleis unionen skal nå klimamålet for 2030. Dei planlegg eit utslippskutt på 55 prosent samanlikna med talet frå 1990. Fleire av krava går direkte på bilprodusentane. Blant anna skal det ikkje vera mogleg å produsera diesel- eller bensinbiler etter 2035.

– Dei grøne har blitt mykje sterkare dei siste åra. Samstundes ser ein også eit større klimafokus hjå dei andre partia. Tyskland kan endra seg til det grønare med ei ny regjering til hausten og det ekstreme presset politikarane føler på for augeblikket, frå miljøbevisste folk og frå EU.

På spørsmål om han er optimistisk når det kjem til framtida, svarer Pohl at det må ein jo vera.

– Eg trur på endringar, i alle fall etter å ha lese om kanslerkandidat Laschet som er open for å slutta heilt med innanriksflyging som eit klimatiltak. Det hadde aldri Merkel vore med på!