MDG-politikar nektar å føde før klimamåla er oppnådde

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg og livmora mi nektar å gå i fødeteneste for Erna Solberg så lenge ho ikkje gjer nok for å stanse klimakrisa og sikre min og kommande generasjonar ei trygg framtid på ein leveleg klode, seier Josefine Gjerde til Dagbladet.

Ho viser til at statsministeren i nyttårstalen sin i 2019 kom med ei oppmoding til norske kvinner om å få fleire barn sidan fødselstala var rekordlåge.

– Eg fryktar for framtida til barna. Vi må halvere utsleppa viss vi skal nå måla, og med dagens tempo er eg ikkje trygg på at vi klarer det. Eg har ikkje lyst til å setje barn til live når vi ikkje veit korleis verda vil sjå ut, seier 22-åringen.

Internasjonal rørsle

Gjerde er politisk rådgivar for kultur-, mangfalds- og likestillingsbyråden i Bergen, og andrekandidat på MDG si stortingsliste i Hordaland.

Ho er ein del av den internasjonale rørsla BirthStrike, der kvinner nektar å setje barn til verda før klimamåla blir nådde. Blant kvinnene som deltek i kampanjen er artisten Miley Cyrus.

I Parisavtalen har verdssamfunnet forplikta seg til å hindre ei oppvarming av kloden på meir enn 1,5 grader. Då må klimagassutsleppet i verda blir halvert på ni år.


Sondre Nave er rådgjevar i Forum for Utvikling og Miljø (ForUM) og fryktar at Noreg ikkje tek berekraftsmåla nok på alvor. Foto: Privat