Noreg nådde ikkje klimamålet for 2020: – Utruleg flautt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I klimaforliket i 2008 fastslo Stortinget at to tredelar av utsleppskutta skulle takast nasjonalt.

For å oppfylle dette, måtte Noreg ha kutta utsleppa av klimagassar til mellom 46 og 48 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020.

No er fasiten klar.

Den seier at utsleppa i 2020 låg på 50 millionar tonn, det vil seie 2 millionar tonn for høgt.

Les også: Tre tabu i den norske klimadebatten

SSB retta tala sine

I fjor meinte politikarane at dei var på veg til å nå målet. Så vart ein alvorleg reknefeil avslørt i utsleppstala.

– Det har gjort vegen ned mot 2020-målet lengre enn det vi har trudd, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier vegen mot 2020-målet var lenger enn det dei hadde trudd. Foto: Svein Olav B. Langåker

Det er tala for sal av marine gassoljer og autodiesel som no er retta i oversikta frå Statistisk sentralbyrå. Tidlegare publiserte utsleppstal har dermed vore for låge innan fiske, kyst- og vegtrafikk. I den rette statistikken er utsleppstala justerte opp heilt tilbake til 2012.

Utsleppa for 2019 er justerte opp 2,7 prosent til 51,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Trenden er framleis nedovergåande, men på eit høgare nivå enn det ein først trudde.

– Utruleg flautt

Naturvernforbundet meiner det er «utruleg flautt» at Noreg ikkje nådde klimamåla for 2020.

– Klimamålet for 2020 var ikkje i nærleiken av nok for at Noreg skulle ta sin rettferdige del av utsleppskutt i tråd med Parisavtalen. Trass i pandemien klarer vi ikkje å nå målet, og det betyr at vi må kutte utsleppa mykje meir og mykje raskare framover, seier leiar Truls Gulowsen.

– Skandale

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) meiner Solberg-regjeringa ikkje tek klimakrisa på alvor.

– Dette er ein skandale. Det er no eit faktum at Noreg, med dagens sitjande regjering, har gått på trynet i klimapolitikken og brote klimamålet for 2020, seier fungerande partileiar Arild Hermstad.

Arld Hermstad varslar at MDG kjem til å krevje ein ny klimaplan etter valet. Foto: Hordaland MDG/Flickr/CC BY-SA 2.0

– Det første MDG kjem til å krevje etter valet, er derfor at vi lagar ein ny klimaplan for eit reelt taktskifte i norsk klimapolitikk, seier han.

Lars Haltbrekken frå SV meiner regjeringa har svikta. Foto: Stortinget

SVs Lars Haltbrekken meiner regjeringa har svikta.

– Dommen i ettertida over klimapolitikken til den blå regjeringa kjem til å vere knallhard, seier han.

Lågaste sidan 1993

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) vel på si side å glede seg over at utsleppa held fram med å gå nedover.

– Utsleppa har gått jamt nedover under denne regjeringa og er på sitt lågaste nivå sidan 1993, påpeikar han.

Utsleppa fall med 3,2 prosent frå 2019 til 2020. Men hovudforklaringa er ikkje klimapolitikk. Tvert imot har hovuddrivaren vore koronapandemien, som førte til at utsleppa frå innanriks luftfart stupte med ein tredel, men også store utsleppskutt frå vegtrafikk og annan transport.

– Nedgangen i utslepp frå vegtrafikken heng nok saman med at store delar av året var prega av heimekontor og reiserestriksjonar, som gjorde at vi flytta mindre på oss, seier Trude Melby Bothner i SSB.

Utsleppa frå olje- og gassutvinning gjekk ned 4,4 prosent frå 2019 til 2020, viser tala frå Statistisk sentralbyrå.

Varmt vêr førte òg til lågare utslepp frå oppvarming.


Bård Johan Hausberg (19), Nora Erland (14) og Randi Rostvåg Leer-Salvesen (17) frå Grøn Ungdom i Agder meiner det er på tide politikarane innser kor mykje det hastar med klimahandling. Foto: Oda Sofie Pettersen