Omar frå Unge Venstre: – Noreg sin tryggleik er bygd på flaks
Unge Venstre-leiaren synest at «Arbeidarpartiet er ræva når det gjeld klima og miljø» og vil kutta ein fridag for å finansiera forsvaret.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
– At eg driv med politikk har nok overraska dei som kjende meg som liten. Storebroren min trudde det berre var endå ein hobby eg skulle driva med ein kort periode.
Stortingsvalet i 2017 pirra interessa. Då var Omar Svendsen-Yagci 13 år gamal.
– Eg var nørd og skulle lesa meg opp på alle partiprogramma.
Men å setja seg inn i alle detaljane blei ein for stor jobb. Han starta på scratch og hadde ikkje eingong høyrd om Venstre.
– Eg måtte finna ut kva som var viktig. For meg var det klima og miljø. Då fekk eg skuffa vekk alle partia som ikkje var grøne. Då var det SV, MDG og Venstre igjen. Og så skjønte seg at ikkje høyrde heime på venstresida, men var liberal og oppteken av fridom. Difor blei det Venstre.
Klima, miljø og sånn
Svendsen-Yagci meiner at det beste klimatiltaket er å gjera det billigare å ta miljøvenlege val.
– Det aller viktigaste me kan gjera for å nå klimamåla er å gjera det lønsamt for folk og verksemder å ta grøne og klimavenlege val. Det er populært og det funkar.
Og ikkje overraskande så meiner han at Venstre er det partiet som får dei viktigaste gjennomslaga i klimapolitikken.
– SV har vore ei dørmatte for Arbeidarpartiregjeringa. Og me når ikkje klimamåla. Det er SV, Arbeidarpartiet og Senterpartiet si skuld. Då Venstre sat i regjering, kutta me utslepp og me la fram ein plan som viste at me ville nå klimamåla.
Unge Venstre-leiaren held fram:
– Arbeidarpartiet er ræva når det gjeld klima og miljø. Dei har gjort det dyrare for folk å velja miljøvenleg. Dei når ikkje klimamåla, men føreslår heller nye.
Ynskjer fridomsreform i skulen
– Det er ein fråvær- og motivasjonskrise i norske skule, meiner Svendsen-Yagci.
Store delar av høgresida ynskjer meir disiplin i skulen. Både Erna Solberg og Sylvi Listhaug vil at læraren skal vera «sjefen i klasserommet». Unge Venstre-leiaren meiner derimot at me treng ein fridomsreform i skulen.
– Det er veldig viktig for Unge Venstre at elevane er sjefen i klasserommet.
Mellom anna ynskjer Svendsen-Yagci at unge får meir makt over timeplanen. Han vil fjerna alle fellesfag på vidaregåande, utanom engelsk, norsk og matte.
Ein sentral del av fridomsreforma som Unge Venstre ynskjer seg er at fritt skuleval, også kalla karakterbasert opptak, skal bli ein nasjonal elevrett. Det betyr at det er karakterane dine, ikkje kor du bur, som skal avgjera kva vidaregåande du får gå på. Svendsen-Yagci meiner at fylkespolitikarar på venstresida ynskjer seg eit «postnummerdiktatur».
– Eg synest at det er sjukt at venstresida meiner at ungdom kan bli kasta i fengsel, betala skatt og stifta familie, men ikkje er modne nok til å velja kva skule dei skal gå på.
Svendsen-Yagci synest også at elevane sjølve bør få avgjera om dei skal opp til skriftleg, munnleg eller praktisk eksamen. Han meiner at dette vil gjera eksamen meir føreseieleg og tilpassa individet.
Vil forsvara liberale verdiar med våpen
Svendsen-Yagci meiner at me lever i ei farleg tid.
– Viss Ukraina tapar krigen, så kan Noreg vera det neste landet som Russland går til åtak på.
Han vil difor senda meir våpen til Ukraina og styrka forsvaret i Noreg. Svendsen-Yagci synest at fem prosent av Noreg bruttonasjonalprodukt burde bli brukt på forsvaret. I 2024 var talet 2,2 prosent.
For å nå dette målet føreslår han at me kan fjerna ein fridag frå kalenderen.
Og ikkje overraskande, så meiner Unge Venstre-leiaren at Noreg hadde vore tryggare som EU-medlem.
– Noreg sin tryggleik er bygd på flaks.
Svendsen-Yagci viser mellom anna til at Noreg under pandemien var avhengige av godvilje frå EU for å skaffa vaksinar.