Vil ha promillegrense for elsparkesyklar
Legar, politi og utleigeaktørane vil ha promillegrense ved bruk av elsparkesyklar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa ønskjer å få på plass ei promillegrense, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) til Bergens Tidende (BT).
Etter lovverket i dag er det lovleg å køyre elsparkesykkel med promille så lenge ein er «skikka». Dessutan er elsparkesyklar definert på lik linje med ein vanleg sykkel. Det vil seie at politiet ikkje kan krevje blåseprøvar.
– I praksis legg ein opp til at folk kan køyre med promille, seier Henrik Pettersen Sunde, kommunikasjonskontakt i organisasjonen Ung i Trafikken. Ei promillegrense ville gjort det enklare å kontrollere, seier han.
Både legar på Haukeland, politiet og utleigeaktørane sjølve ønskjer eit strengare regelverk. Dei fleste elsparkesykkelskadar skjer i samband med at føraren har drukke alkohol.
Bør det vere promillegrense for å køyre elsparkesyklar?
Bør det vere promillegrense for å køyre elsparkesyklar?
- Usikker på kva reglane er for bruk av elsparkesyklar er? Sjekk her!

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen