Dei to fugleartane har liknande livsløp. Dei legg få egg, og dei seinare åra har det vore færre enn ein unge per reir.

Tycho Anker-Nilssen er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), som følger krykkjene med GPS. Han fortel til NRK at fuglane no flyr 150 kilometer frå kolonien for å hente mat.
- Klimaendringane trugar også levedyktigheita til eit anna dyr: Isbjørnen kan vere utrydda om 50 år
Då er det ikkje alltid fugleungen er i live når dei kjem att.
– Havtemperaturene påverkar næringskjedene. Det er ikkje havtemperaturen i seg sjølv som krykkjene reagerer på, det er tilgangen på mat, seier Anker-Nilssen.
Endring i havtemperatur endrar også økosystema og då også matfatet til krykkjene. Samstundes sym fisken lenger nord før han gyter. Då finn ikkje fuglene mat der dei pla finne det før.
- Er du budd på å endre matvanane dine? Sjøpølse, olbogesnigel og tang på middagstallerken
Les også: Klimasøksmålet vert klaga til Den europeiske menneskerettsdomstolen
