Amir (31) måtte vente fleire veker på hjelp frå bydelen: – Måtte krabbe inn i dusjen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amir måtte vente fleire veker på hjelp frå bydelen: – Måtte krabbe inn i dusjen

– Eg slit med å dusje på badet, for eg må krabbe for å kome inn i dusjen. Det er ikkje bra for knea i lang tid. Eg har søkt om handtak, men det tek hundre år å få det. 

Det sa Amir Hashani (31) til Framtida.no i starten av juli.

Hashani flytta inn i ny heim før sommaren, ein leilegheit han leiger privat i Kværnerbyen i Gamle Oslo, men det tok lang tid før han kunna nyte det.

31-åringen har cerebral parese (CP) og er avhengig av tilrettelegging av bustaden og brukarstyrt personleg assistanse (BPA) for å kunne leve eit like sjølvstendig og aktivt liv som han ynskjer.

I fleire veker måtte han klare seg utan noka hjelp.

– Det er bydelen som bestemmer over livet ditt. Er du verd å leve eller ikkje, liksom? Er du verd å få hjelp? Eg skjønar ikkje systemet. 

Oppfyller ikkje pliktene sine

I Oslo er kvar bydel ansvarleg for helse- og omsorgstenesta til innbyggjarane sine. I Bydel Frogner, der Hashani budde før, hadde han 55 timar BPA i månaden.

Over ein månad etter at Hashani sende inn ein søknad om same tilbud til bydel Gamle Oslo, fekk Hashani endeleg eit midlertidig vedtak om BPA. Ifølgje Hashani leverte han søknaden 1. juni, medan bydel Gamle Oslo påstår at dei mottok søknaden ei veke etter at Hashani sende han elektronisk. Vedtaket om BPA vart fatta 13. juli.

BPA-hjelpa fekk han likevel ikkje før ei veke etterpå (19. juli).

I mellomtida fekk Hashani etter kvart tilbod om midlertidig hjelp frå heimesjukepleia med tannstell og smøring av brødskive tre gongar om dagen. Dette er langt frå alt han trong hjelp med.

– Eg såg på lova i går faktisk og på kommunen si nettside, og der står det tydeleg svart på kvitt at kommunen har ei plikt til å hjelpe dei med nedsett funksjonevne frå dag éin, seier Hashani oppgitt. 

– Frå dag éin når dei flyttar til din bydel. Dei gjorde ikkje ein drit. Dei bryt lova og dei bryt med pliktene sine.

Måtte spørje vennar om hjelp

I Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 står det: «Kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester.»

Amir Hashani har fleire verv han er styremedlem i FRI Oslo og Viken, vara for sentralstyret i Skeiv Ungdom, og i tillegg engasjert i SV. Verva fører til ein kalender full av møter, workshops og mange reisedagar.

Men lenge var kvardagen usikker, og han måtte anten klare seg på eiga hand eller spørje vennar om hjelp.

– Men det er jo avgrensa kva vennane mine kan gjere òg. Ein venn og ein assistent er ikkje det same – det er to ulike verder. 

Amir Hashani ber stolt den mellombelse FRI-tatoveringa si. Foto: Bente Kjøllesdal

Hashani fortel at han treng ein tryggleiksalarm heime for å føle seg trygg, særleg om natta. Dette søkte han også om 1. juni, men ventar framleis på svar. Han har tidlegare hatt blodpropp, og er redd for å få det igjen.

– Eg føler meg ikkje trygg om natta. 

Eg føler meg ikkje trygg om natta.

– Viktig å informere om flytting i god tid

Det er Enhet Mottak og mestring som har ansvaret for BPA-ordninga i bydel Gamle Oslo. Leiar Ariana Ruud forklarar at ho ikkje kan gå inn i den enkelte saka på grunn av teieplikt og fordi saka framleis er under behandling. Ho svarar derfor på eit generelt grunnlag.

Ho forklarar at bydelen gjer ei nøye kartlegging av brukaren sine hjelpebehov og kva slags tenester som kan vere aktuelle å sette i gang.

– Nokre gongar tek det tid før ei konkret teneste, t.d. BPA, og nødvendige hjelpemiddel er på plass. Og av den grunn er det viktig at brukarar som planlegger å flytte til ein bydel informerer om flytting i så god tid som mogleg, skriv Ruud på ein e-post til Framtida.no. 

Einingsleiaren understrekar at bydelen skal ha jamleg kontakt med brukaren undervegs, og at ein skal få tilbod om bistand fra heimesjukepleia til å ta vare på behova deira inntil andre konkrete tenester er ferdigbehandla og på plass. Nokon ynskjer bistand frå familie og vennar medan ein venter på svar.

Ruud fortel også at kvar enkelt bydel gjer sjølvstendige faglege vurderingar, og det kan henda at tenestetilbodet til brukarar blir endra i omfang.

Bydelen forstår at det kan vere vanskeleg for brukarar å forstå vedtak og saksgangen frå ein bydel til ein annen.

– Bydelen arbeider kontinuerleg med å gjere kommunikasjon vår opp mot tenestemottakarar eller deira pårørande/andre representantar tydeleg, og å gjere informasjonen meir tilgjengeleg og lettfatteleg. Det er vårt ansvar å sikre at informasjon blir gitt og forstått, avsluttar Ruud. 

Ikkje overraska

Til svaret frå bydelen seier Amir Hashani at han ikkje visste kor i Oslo han skulle bu, og at det derfor ikkje var mogleg å varsle bydelen på førehand.

Han er ikkje overraska over at søknadsprosessen tok tid. Han fortel at han har vennar andre stadar i Oslo som òg slit med å få tilgang til hjelp, og at han sjølv har opplevd det same andre plassar han har budd.

Hashani prøvde fleire gongar å få tak i bydelen etter at han sende søknaden.

– Då eg fekk svar sa dei at «eg er på kurs no, og kan ikkje snakke med deg» og at dei ikkje hadde sett på søknaden enno, fortel Hashani oppgitt. 

Etter at han fekk saksbehandlar vart det letterare å kommunisere, men det fekk han ikkje før 17 dagar etter levert søknad.

Amir Hashani frykta at han måtte flytte igjen om han fekk avslag på søknaden sin til bydel Gamle Oslo. Det hadde ikkje vore fyrste gong nokon må flytte på grunn av manglande hjelp:

– Det skjer med mange funksjonshemma. Dei flyttar frå bydel til bydel, fordi dei ikkje får hjelp.

NRK har tidlegare skrive om Bergljot Gjelsvik som flytta frå Bydel Frogner, fordi ho etter to år framleis ikkje hadde fått eit BPA-tilbod behandlarane hennar meinte var forsvarleg.

Det skjer med mange funksjonshemma. Dei flyttar frå bydel til bydel, fordi dei ikkje får hjelp.

Dårleg økonomi og dårlege haldningar

Hashani, som opphavleg er frå Stavanger, trur utfordringane han og andre med funksjonsnedsetjing møter på stammar frå dårlege haldningar og dårlege økonomivurderingar frå bydelen.

– Bydelen forstår ikkje kor mykje vi er verd. Vi er ein av landets største minoritetar.

Hashani peikar på at endå det kan vere økonomisk lønnsamt på kort sikt å spare pengar ved å kutte i tilboda for personar med funksjonsnedsetjing, trur han ikkje at det løner seg på lang sikt:

– Det vil vere billigare for bydelen i eit langtidsperspektiv å få oss ut i arbeid og skule. Då kan vi vere ein del av samfunnet og skatte som andre, i staden for at vi sit i sofaen og får pengar frå NAV. 


Amir Hashani synest det er skummelt at personar med funksjonsnedsetjing møter så mykje diskriminering og hat i 2021. Foto: Bente Kjøllesdal