«KrF sin politikk viser at dei ikkje ser på transbarn som individ»

Isaac Elstad Røssnes (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På landsmøtet til KrF i år blei det stemt fram to forslag om kjønnsinkongruens, som betyr at ein person sin kjønnsidentitet ikkje passar med kjønnet dei blei tildelt ved fødsel. Desse personane blir kalla transpersonar. Forslaga handla berre om å tilby kjønnskorrigerande hormonbehandling på nasjonalt nivå og forby at barn under 18 år får denne livsnødvendige behandlinga.

Eg kom sjølv til Rikshospitalet som 17-åring i håp om å få kjønnskorrigerande behandling. Livet mitt blei sett på vent. I dag er eg 20 år, har gått over eit år på testosteron, og er på venteliste til å få dei operasjonane eg ønskjer. Ei venteliste som vil føre til at eg brukar to år til for å kunne sjå meg i spegelen. Det har gått tre år, og eg er langt frå ferdig. Eg blir aldri ferdig. Kvifor skal ein utsetje ei behandling som allereie viser veldig godt at alt tek si tid?

Ei venteliste som vil føre til at eg brukar to år til for å kunne sjå meg i spegelen.

Forkjemparar for ein ideologisk kamp dei aldri har vore ein del av

KrF vel også å gjere transbarn til forkjemparar for ein ideologisk kamp dei aldri har vore ein del av. Utsegner som: «Barnehagar, skular og institusjonar som møter barn og unge, skal ikkje vere arenaer for ideologisk kamp der den biologiske kjønnsforståinga blir sett til side» viser at KrF manglar kunnskap om kva denne behandlinga betyr for barna det gjeld.

Den biologiske forståinga av kjønn er i seg sjølv transfobisk. Det finst ei rekkje kjønnskarakteristika som ikkje passar inn i den biologiske inndelinga av kjønn vi har i dag. Det finst personar som er fødde med både tradisjonelt kvinnelege og tradisjonelt mannlege kjønnskarakteristika på kjønn. Samfunnet si behandling av desse menneska er også eit heilt forferdeleg problem.

Det er ei større utfordring at kjønn er gjort binært enn at ein opnar for ein større diskusjon rundt kva kjønn betyr.

KrF viser at dei ikkje veit kva behandlinga betyr for oss

Gjennom barnekonvensjonen forplikar Noreg seg til å gje barn ein oppvekst som fremmar ei god helse. Dette inneber utvikling av ein sjølvstendig identitet. For transbarn blir det ofte naturleg at dette skal innebere kjønnskorrigerande behandling.

KrF-stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan seier at det handlar om å beskytte barna det gjeld. I ein e-post til VG skriv han:

«Vi veit at menneske som opplever seg som eit anna kjønn enn det biologiske har stått i mange tøffe kampar. Vi er opptekne nettopp av desse menneska og deira situasjon og ønskjer å løfte denne gruppa, nettopp derfor foreslår vi å auke aldersgrensa til 18 år for irreversibel behandling».

Igjen viser Krf at dei ikkje veit kva behandlinga betyr for oss. Dei ser ikkje at forslaget deira kan drepe.

Åra mellom 16 og 18 år kan bety forskjell på liv og død

I dag er aldersgrensa for irreversibel kjønnskorrigerande behandling 16 år. Dette inkluderer hormonbehandling, medan aldersgrensa for operasjonar er 18 år. Før dette kan ein få behandling som forseinkar puberteten. Dette vil minske dei psykiske plagene som kjem med at kjønn og biologi ikkje er like (kjønnsdysfori).

Dei moglegheitene ein allereie har i dag for behandling er ikkje ideelle. Det er lange ventelister for å møte dei få fagpersonane som faktisk forstår kva vi treng. 

For mange kan åra mellom 16 og 18 år bety forskjell på liv og død, og samfunnet må forstå dette alvoret. Å vere trans aukar risikoen for å forsøke å ta sitt eige liv. Ein av tre transpersonar har forsøkt å ta livet sitt. Dette er ein statistikk som ein ikkje kan sjå bort i frå. Denne statistikken peiker KrFU-medlemar på som eit argument for at dagens behandling ikkje fungerer. 

Å vere trans aukar risikoen for å forsøke å ta sitt eige liv.

At behandling ikkje fungerer optimalt er eg heilt einig i, men løysinga er ikke å gjere det vanskelegare å få behandling.

Problemet ligg først og fremst i at barn og unge med kjønnsinkongruens ikkje blir trudde.

Transbarn treng ikkje å bli eskludert – dei treng å bli akseptert

Transbarn sine informerte meiningar om eigen identitet blir ikkje tatt på alvor. Ein er nøydd til å svare på nøyaktig dei same spørsmåla tusenvis av gongar. Prosessen er lang og frustrerande, og dette blir ikkje løyst av å vente to år til.

Sjølv om dagens situasjon ikkje er ideell, veit ein at behandling fungerer. At ein skal la barn og unge lide under eit dekke av beskyttelse er direkte hatefullt. 

KrF sin politikk viser at dei ikkje ser på transbarn som individ. Dei hevdar at dei vil beskytte barn utan at dei skjønar at politikken deira diskriminerer direkte mot dei det gjeld. Transbarn treng ikkje å høyre at deira identitet er ein del av ein ideologisk kamp. Transbarn treng ikkje å bli ekskludert – dei treng å bli akseptert.

Dette handlar ikkje om ideologi, det handlar om individ som har rett til respekt. Vi har rett til behandling.