«Solidaritet med LHBTI – eit globalt ansvar»

Iben Skog Erlandsen (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget fekk heider frå juryen i skrivekonkurransen om menneskerettar og LHBT+, arrangert av Framtida.no, Den norske Helsingforskomité og Magasinett. 

I Noreg har kampen for eit likestilt samfunn, med like rettar for alle uavhengig av seksuell legning og kjønnsuttrykk lenge vore på den politiske dagsordenen. Sjølv om samfunnet ikkje er fullstendig likestilt har vi kome ein lang veg med å sikre vern mot diskriminering.

Ein kan ikkje seie det same om alle land i Europa. Fleire stader kan det vere farleg å presentere seg som homofil, bifil eller transkjønna.

Noreg er eit land med sterke politiske målsettingar om å sikre rettane for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn, LHBTI, likevel gjer vi lite for å forsvare rettane deira i andre land. Korleis kan Noreg vise solidaritet og bidra til å styrke rettsvernet for LHBTI internasjonalt?

«LHBT-frie» soner

Internasjonal solidaritet er sentralt for å oppnå eit likestilt samfunn for LHBTI. I Polen er meir enn hundre område erklært som «LHBT-frie»-soner. Noreg har lagt eit økonomisk press på områda som har erklært seg som «LHBT-frie». Dette er ei form for internasjonal solidaritet med LHBTI.

Internasjonal solidaritet er viktig for å bidra til ei betre utvikling i land der personar opplever undertrykking på grunn av si seksuelle orientering eller kjønnsuttrykk. Undertrykking av LHBTI er ikkje berre eit europeisk problem, men ei global utfordring.

Polen er berre eitt land der undertrykkinga er massiv, andre døme er Tyrkia og Russland. Sjølv om Noreg har innført økonomiske sanksjonar mot nokon område i Polen, er det fleire verkemiddel Noreg kan bruke, for å påverke haldningane og politikken i desse landa. 

Å stri mot normene

I Tyrkia er LHBTI-personar sterkt utsette for diskriminering, vald og mangel på beskyttelse.

I 2018 skreiv utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide at Noreg vil forsvare LHBTI-personar sine rettar internasjonalt. Likevel kan ein ikkje sjå at Noreg engasjerer seg særleg i situasjonen for LHBTI i Tyrkia.

I perioden 2008 til september 2019, var det 148 drap på transpersonar i Europa, 51 av dei var i Tyrkia.

Ein ny rapport frå den internasjonale LHBTI-foreininga viser at Tyrkia er det nest mest diskriminerande landet i Europa mot skeive. Mange som står fram som skeiv i Tyrkia opplever stigmatisering, hatefulle ytringar og diskriminering.

Når ein møter motstand for å utrykke kven ein er kan det føre til dårleg helse og livskvalitet. Ei undersøking av Statistisk Sentralbyrå viser at 38 prosent av LHB+ er lite tilfreds med eiga psykisk helse, i heile befolkninga er det berre 22 prosent.

Undersøkinga viser at skeive overordna har dårlegare psykisk helse enn heile befolkninga. Statistikken kan vere knytt til at skeive ofte held kjenslene sine inne og føler utanforskap i samfunnet fordi dei opplever at den dei er strir mot normene i befolkninga.

Stigmatisering i Russland

Russland er eit anna land kor LHBTI sine menneskerettar ikkje vert respektert.

I Russland er det sterke krefter mot LHBTI og det er brukt fleire verkemiddel for å hindre at folk står fram som homofile. Det fører med seg stigmatisering og aksept for hatefulle ytringar i samfunnet.

I 2013 vedtok Russland ei lov om «homoseksuell propaganda mot mindreårige». Lova omhandlar forbod mot spreiing av informasjon om homofili til personar under 18 år, og forbyr i praksis homoparadar og andre offentlege markeringar til støtte for homofili.

Lova kan bidra til å normalisere og rettferdiggjere undertrykking og vald mot homofile.

Verdserklæringa om menneskerettane fastslår i paragraf nitten at kvar og ein har rett til meinings- og ytringsfridom, og fastslår i paragraf ein at alle menneske er fødde med same menneskerettar. Det kan diskuterast om Russland si lov om «homoseksuell propaganda mot mindreårige» bryt med desse prinsippa.

Noreg og Søreide har ein politikk for å forsvare LHBTI sine menneskerettar og rettsvern internasjonalt, men det er lite synleg i forholdet til Russland. 

Vi har eit ansvar

Noreg og Søreide må kjempe for eit likestilt samfunn globalt og for å sikre LHBTI sine menneskerettar.

Det kan gjerast ved skape eit krav i handel om at land og område ikkje diskriminerer LHBTI. Eit anna verkemiddel er å arbeide gjennom FN og EU.

Det er viktig å ta opp haldningar til LHBTI og diskriminering i samtaler med land og i ulike internasjonale forum, for å skape debatt og auke bevisstheita om temaet. Økonomisk og politisk støtte til organisasjonar for LHBTI, nasjonalt og internasjonalt, vil vise Noreg sine haldningar og klare standpunkt i kampen for rettane til LHBTI.

Noko må gjerast no! Det står om livet til mange, om helse og livskvalitet. Vi har eit ansvar for å bidra til å stoppe diskrimeringa og vise internasjonal solidaritet med LHBTI. 


Dajana Babic var med å arrangere den første Pride-paraden noko sinne i heimlandet Bosnia-Hercegovina. Foto: Privat