Politikk og samfunn

«Vi må minnast dei som har stått på barrikadane og ansvaret vi har»

Kvinnekamp er å kjempe skulder til skulder med søstrene våre i Iran om frigjering, samtidig som vi kjempar med muslimske kvinner som ønskjer å bere hijab, skriv Mina Minaie frå Sosialistisk Ungdom.

Mina Minaie (20)
Antirasistisk leiar, Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Det er to år sidan kurdiske Masha/Jina Amini mista livet i Iran, 22 år gammal. Berre fordi ho var ei kvinne, som i staden for å bøye seg for eit regime, truleg braut kleskoden kvinner i Iran må følgje. Dette førte til ei rekkje sivile protestar, både i Iran og internasjonalt.

Ho var ikkje den første eller siste, men eit offer i eit system som framleis lever i beste velgåande den dag i dag.

Situasjonen i Iran for kvinner er tilsynelatande uendra, om ikkje forverra. I lys av protestane dempa moralpolitiets synlegheit seg ei stund, men dei var eit år seinare tilbake i gatene.

Amnesty International rapporterer i lys av toårsdagen om Irans pågåande «war on women» med eit endå skarpare, synleg og valdeleg moralpoliti og eit samfunn der kvinner er meir og meir utsette.

Rørsla som voks fram etter Aminis død, vart kalla «Kvinne, liv, fridom». Tidlegare har slagordet vorte brukt i kurdiske kvinners frigjeringskamp, men vart i 2022 ein del av den iranske kvinnekampen òg.

Når eg les orda «Kvinne, liv, fridom» er det akkurat det eg tenkjer på, at kvinner skal få leve sine liv i fridom.

Iranske kvinner lever ikkje i fridom i dag.

Dei lever ikkje i fridom fordi Iran blir styrt av strukturar skapte av menn, og av eit religiøst regime som har misbrukt religion for å få gjennomslag for politikken sin.

quote-left

Utan å kjempe for fridom for alle kvinner og eit samfunn utan undertrykking blir det ein ekskluderande kamp

quote-right

Mi største bekymring for to år sidan då protestane stod på som mest, var korleis debatten i Noreg gjekk føre seg om ein hijab, som eit enkelt hovudplagg, er kvinneundertrykkjande eller ei.

Medieomtalen vart framstilt som om nordmenns personlege meiningar om eit religiøst plagg var viktigare enn å snakke om grunnleggjande menneskerettar som dagleg vart og blir brotne i Iran. Dette er etter mi meining eit praktdøme på fordommane til Vesten og manglande empati for ikkje-vestlege kvinner, fordi fokuset hamna på heilt feil stad.

Eit klesplagg i seg sjølv er ikkje undertrykkjande. Det er det strukturane og fordommane rundt som er, for det er dette iranske kvinner møter dagleg og blir eit offer for. Kvinnekampen er å bryte ned sjølve systemet som undertrykkjer. Det må vi ikkje gløyme.

Kvinnekamp er ikkje å bruke ei kvinnes ønske om fridom for å bryte ned ei anna kvinne sitt ønske om å bruke eit religiøst hovudplagg. Kvinnekamp er å kjempe skulder til skulder med søstrene våre i Iran om frigjering, samtidig som vi kjempar med muslimske kvinner som ønskjer å bere plagget.

Fellesnemnaren her er ønsket om å gjere noko av fri vilje.

Begge desse kampane er ein del av kvinnekampen. Utan å kjempe for fridom for alle kvinner og eit samfunn utan undertrykking blir det ein ekskluderande kamp.

quote-left

Iranske kvinner lever ikkje i fridom i dag

quote-right

To år har gått sidan dei største protestane sidan revolusjonen i 1979 fann stad. Det er ei påminning om kva som har skjedd, og kva som er for kvinner i Iran.

Menneskeliv er ikkje tapt forgjeves. Vi må minnast dei som har stått på barrikadane, kjempa for frigjering av kvinner, og minne oss sjølv på ansvaret vi har.

Det er ikkje å splitte kvinnekampen. Det er heller ikkje å bryte ned kvinners kamp til eit hovudplagg. Det er å støtte opp om iranske kvinner, muslimske kvinner, og alle kvinner, for saman må vi vise solidaritet og bryte ned systemet som varetek denne undertrykkinga.

Vi må aldri slutte å seie «kvinne, liv, fridom», for søstrene våre, og for vår felles kamp.