Storbritannia forbyr TV-reklame for usunn mat

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Storbritannia blir det ingen reklame for sjokolade, pizza, burgerar, potetgull, brus, kaker, godeteri, is eller kjeks å sjå mellom klokka 05.30 og 21.00. Heller ikkje frukostblanding, yoghurt, ferdigmat eller fritert fisk skal få freiste folk gjennom TV-skjermen.

Det skriv BBC, som først omtalte saka.

På tide å ta grep

Statsminister Boris Johnson seier landet har ei utfordring med overvekt, og at det er på tide å ta grep.

– Kostandane for helsevesenet er enorme, seier han til BBC.

Han peikar vidare på koronapandemien, der overvekt har vist seg å auke risikoen for alvorleg sjukdom.

Reklamebyråa er ikkje begeistra for forbodet, og meiner arbeidplassar vil gå tapt. Matvareprodusentane er heller ikkje like nøgde, og viser til regjeringa si eiga utgreiing som viser at eit forbod berre vil fjerne omkring 1,7 kaloriar frå barn sitt kaloriinntakk – tilsvarande ein halv Smarties.

Treng fleire tiltak

Sidan 1990 har britane si vekt auka, og 60 prosent av befolkninga er no overvektige. Utfordringane startar ofte i barndommen, og forsking tilseier at dei med vanskelegast bakgrunn er mest utsett.

I tillegg til reklameforbodet har Storbritannia derfor sidan 2018 hatt høgare skatt på sukkerhaldige drikker, for å hindre at ungdom får i seg for mykje usunt. Helseminister Alex Norris seier til BBC at fleire tiltak vil bli naudsynte framover:

– Dette forbodet åleine vil ikkje vere nok. Me treng ein radikal fedmestrategi i dette landet som går lenger, og som sikrar familiar tilgang til sunn mat, støttar lokale fasilitetar for fritidsaktivitetar og taklar barnefattigdom.


Farmasøyt Viyan Tarin (36) sjekkar at reseptane pasientane får er riktige, og kan også setje vaksinar. Foto: Privat