Då eg var 20: Trine Skei Grande visste ikkje kva ho ville bli – og veit det framleis ikkje

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På nachspiel var det veldig populært å sjå Monty Python. Dei prega mykje den perioden av livet mitt. Uansett kor seint det var på kvelden var det ofte nokre som sette på ein Monthy Python-video, minnast Trine Skei Grande.

Då Noreg vart koronastengt kom sjokknyheita om at Trine Skei Grande trakk seg som kulturminister og ikkje stiller til gjenval som Venstre-leiar på landsmøtet til hausten.

Framtida.no har teke ein prat med 50-åringen om kven ho var då ho var 20.

Kor var du då du var 20?

– Eg var student i Trondheim kor eg studerte sosialøkonomi. Ikkje fordi eg syntest det var så gøy, men eg ville bli Venstres ungdomskandidat til Stortinget og ville vere i Trondheim. Eg skulle nok tatt historie, men det blei sosialøkonomi istaden, skriv Skei Grande, og legg til:

– Trondheim er jo ein fantastisk by å studera i. Den er akkurat passe stor og den har Samfundet. Studentane utgjer ein så stor del av byen at ein verkelig er med på å prege den. Det var veldig gøy.

Eit digert kronestykke i kryssfinér

Trygve Magnus Haavelmo fekk i 1989 Nobelprisen i økonomi. FOTO: Annemor Larsen / Scan-Foto / SCANPIX

Kvardagen gjekk med til studier, politikk og studentliv på Samfundet.

– Eg hugsar mellom anna at under Uka hadde Trygve Haavelmo fått nobelprisen i økonomi, så vi som var sosialøkonomistudentar meinte vi måtte gå i toget og hylla han. Så vi laga eit kjempestort kronestykke på 3-4 meter i diameter av kryssfinér. Det skulle vi trille bak Haavelmo. Det vi ikkje kom på var at toget byrja øvst på Gløshaugen og ned mot byen. Det kronestykket fekk veldig høg fart ned bakken!

I tillegg til Mony Python gjekk det mykje i Trondheimsbandet Dum Dum Boys, som stod over alle andre i studentbyen.

– Dei skifta jo faktisk navn frå Wannskrækk til Dum Dum Boys på scena under ein konsert i denne perioden! minnast Skei Grande.

Slik såg det ut då trondheimsbandet DumDum Boys spelte på Kalvøya i 1989:

Hugsar du 20-årsdagen din?

– Eg var vel på Færøyane på møte med NRLU, Nordens liberale og radikale ungdom.

Fordi det var bursdagen min hadde dei danske gutane kjøpt ordentleg champagne og så inviterte Jan Kløvstad, direktøren på Nordens hus i Torshavn, på feiring av min 20-årsdag heime hos han. Eg opna flaska, korken skaut ut og spjæra heile taket hans, eit spent lerretstak. Det var litt av eit opplegg.

Trine Skei Grande feira 20-årsdagen den 2. oktober 1989 på Færøyane. Biletet er frå Torshavn og teke på ei anna årstid. Illustrasjonsfoto: Mélanie Martin, Unsplash.com

Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, det veit eg ikkje enno heller. Men eg må vel snart bestemma meg.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg hadde som filosofi at om ein valde morosame fag i studiane, så ville ein bli noko morosamt til slutt. Og det har jo funka så langt.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at ho var ganske artig. Så eg ville nok tatt ho med på nachspiel til Jan Kløvstad.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikke stress så mykje med kva du skal bli. Det er så lite du kan styra. Det rådet kan eg gje katten min Esmeralda, ho er faktisk 20 no.

Trine Skei Grande (50) har hatt følgje av Esmeralda (20) i ei årrekkje. Foto: Privat