Solberg føreslår at 13-åringar skal kunne tene opp pensjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I statsråd fredag skal regjeringa behandle forslaget der det for alle tilsette i privat sektor blir innført pensjon frå første krone.

Forslaget om å senke aldersgrensa, som etter planen skal innførast i 2023, er éi av tre konkrete endringar som regjeringa skal behandle, melder VG.

– For dei aller ivrigaste kan det bety pensjonsopptening frå sommarjobb i minst sju år ekstra, frå dei er 13 år, seier Solberg til avisa.

Utrekningar viser at endringa vil føre til at 51.500 ungdommar vil få auka pensjonssparing.

Dei to andre endringane er at det blir innført eit minstekrav til sparing til 2 prosent frå første krone og opptil 12 G for medlemmane i ordninga, og at regelen om at ein minst må ha 20 prosent stilling for å få rett til å vere medlem i obligatoriske tenestepensjonsordningar, blir oppheva.


Snart er det sommarjobbsesong! Er du klar over kva rettar og plikter du har som arbeidstakar? Illustrasjonsfoto: Pixabay . Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen