Bergen er byen med reinast luft i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trondheim ligg på ein 12. plass på den same rangeringa, medan Oslo og Stavanger er høvesvis nummer 19. og 20.

Det er byane Umeå i Sverige og Tammerfors i Finland som har den aller reinaste lufta i Europa, ifølgje EEA. Det er òg lite skadelege partiklar i lufta i Funchal på Madeira, i Estlands hovudstad Tallinn og i «vestlandets hovudstad».

Rangeringa er basert luftmålingar frå meir enn 320 byar i EU, Noreg, Sveits og på Island dei siste to åra. I 127 av desse er lufta rekna som god, medan 123 har mild forureining og 73 byar har dårleg eller svært dårleg luftkvalitet.

Polen og Italia kjem dårlegast ut

Dei fleste byane som hamna nedst på rangeringa, ligg i Polen eller i Nord-Italia. Aller dårlegast luft er det i Cremona i Italia og i Nowy Sacz i Polen.

Det er likevel ei rekkje byar som ikkje er med i rangeringa, blant dei Tromsø. Årsaka er at byane anten ikkje har målestasjonar for luftkvalitet, eller ikkje har data for meir enn 75 prosent av året.

I november viste ein rapport frå EEA at skadelege partiklar i lufta førte til tidlegare død for 417.000 europearar i 2018. Det er 60.000 færre enn ni år tidlegare.


Illustrasjonsfoto: Petter Rudwall