Tilsyn i barnehagar og skular – avdekte regelbrot i nesten alle tilsyna
I fjor gjennomførte statsforvaltarane 177 tilsyn i barnehagar og skular. Ti hadde alt på stell.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målet for dei 177 tilsyna var kommunen som skule- og barnehageeigar der statsforvaltarane gjennom ulike kjelder hadde fått mistanke om brot på regelverket, skriv Utdanningsnytt.
Statsforvaltarane skal setje i gang tilsyn etter ei vurdering av kor sannsynleg det er at eit tilsyn vil vise brot på regelverket. Derfor er truleg delen brot i desse tilsyna høgare enn generelt i skular og barnehagar.
Barn må bli høyrde
Ronny Alver Gursli i avdeling for tilsyn i Utdanningsdirektoratet meiner likevel at resultata ikkje bør bli oppfatta som marginale eller spesielle.
– Håpet vårt er at med å presentere denne rapporten, gir vi skular og barnehagar eit innblikk i kva det er ført tilsyn med, og med det ein sjanse til å kontrollere seg sjølv og rette opp eigne avvik, seier han til Utdanningsnytt.
Gjennomgåande trekk frå tilsyna er at barnet sin rett til å bli høyrd må bli betre teken vare på, og kommunane må bli flinkare til å ta omsyn til barna sitt beste når dei gjer vedtak. Også at kommunane ikkje sjølv set i gang tilsyn når omstenda tilseier det, er blant regelbrota.