Barnehage testar sekstimarsdag for dei tilsette

Grøn Ungdom ynskjer å ta ut auka produktivitet i meir fritid. Ein barnehage i Oslo testar ut nett dette.

Magnus Rotevatn
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

For om lag hundre år sidan, spådde økonomen John Maynard Keynes at når ein kom til våre dagar så ville ein berre kome til å jobba 15 timar i veka.

Keynes trudde at produktivitetsveksten kom til å vera så stor ein kunne arbeida mindre, men likevel halda samfunnet i gang og auka levestandarden. Dimed kunne ein få meir fritid.

Den viktige økonomen fekk berre delvis rett.

Produktviteten har auka enormt. Men folk brukar omtrent like mykje tid på jobb – og det verkar ikkje som ein kjem til å trappa ned i nær framtid.

Er det mogelg å få produktivitetsveksten til å bli meir fritid?

Vellukka forsøk

Ved Lillo gård barnehage i Oslo blir det no prøvd ut sekstimarsdag. Det var det førre byrådet som sette i gang eit prøveprosjekt som går over to år.

Ada Sexe-Lysvik, som er styrar i barnehagen, seiar til Framtida at forsøket så langt verkar å vera vellukka og at dei tilsette verkar å ha fått betre livskvalitet.

– Eg høyrer om folk som har mindre vondt i hovudet, trenar litt meir og har meir tid til hobbyane sine. Nokre har tatt lappen, og nokre studerer ved sidan av jobben. Det er veldig kjekt å høyra!

Sexe-Lysvik fortel også at barna synest ordninga er okei.

– Det kan sjå ut til at barna opplever kvardagen sin i barnehagen på same måte som før prosjektet starta, men at dei har fleire vaksne å forhalde seg til.

At arbeidsdagen berre er seks timar lang, har òg nokre positive verknadar for drifta av barnehagen.

– Det at nokre til dømes studerer ved sidan av jobben gagnar oss ved at det kjem meir kompetanse inn i barnehagen. Eg har også opplevd at fleire tilsette seier at dei har meir krefter gjennom heile arbeidsdagen.

Nokre av dei tilsette synest det kan vera stressande å jobba korte dagar, fordi dei føler at ein skal gjera alt det ein gjorde før, berre på kortare tid. Det er også eit minus at ein ser barna litt mindre.

– Det har vore ein ganske annleis måte å jobba på faktisk. Me har fått gode erfaringar med å tenkja nytt, til dømes har me blitt betre på å planleggja gode, og kanskje færre, møte.

Grøn Ungdom vil ha firedagars arbeidsveke

Det er lite entusiasme å spora blant politikarane for at nordmenn skal jobba mindre, men det finst unntak. Tidlegare i år vedtok Grøn Ungdom at dei ynskjer å innføra ei firedagars arbeidsveke.

– Me ynskjer at me på sikt skal ta ut auka produktivitet i meir fritid, seier Tobias Stokkeland, som er leiar i Grøn Ungdom, på telefon til Framtida.

Etter Grøn Ungdoms firedagars-vedtak, tok andre nestleiar i Unge Venstre Omar Svendsen-Yagci til motmæle, og argumenterte med at det vil vere uansvaleg og føre til økonomisk kollaps som vil svekke folks velferd.

Stokkeland meiner på si side dette vil føra til betre livskvalitet og trur at òg sjukefråvær kan koma til å gå ned.

– Politikarane må vedta at dette er det me skal og peika ut kursen, og så må mykje av detaljane bli til i samarbeid med partane i arbeidslivet.

– Mange trur at redusert arbeidstid vil vera dårleg for økonomien. Finansdepartementet har til dømes rekna ut at ein 6-timarsdag vil bety auka skattar og eit bruttonasjonalprodukt som er 20 prosent mindre enn elles. Vil ikkje ei 4-dagarsveke føra til eit dundrande underskot?

– Det å tru at ein vil redusera produktiviteten med 20 prosent er eit resonnement som eg er veldig lite imponert av. Det tek nemleg ikkje innover seg at ein gjerne produserer betre sjølv om arbeidstida er kortare, fordi ein er meir motivert, har mindre sjukefråvær og effektiviserer.

Stokkeland synest heller ikkje det at me treng meir arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren er eit godt argument mot å kutta ned på arbeidstida. Han seier at mange i helsesektoren lir under høgt arbeidspress og trur at kortare arbeidstid kan bidra til å få fleira til å venda att til sjukehusa.

Stokkeland går heller ikkje med på å kopla dei to debattane saman og meiner at me uansett kjem til å trenga fleire i helsesektoren.

– I offentleg sektor kan me kutta i byråkrati og ein og annan rådgjevar på Stortinget.