Ti skeive lesetips for barn og unge
Jenter som er glad i jenter, gutar som er glad i gutar og alle dei som ikkje identifiserer seg med kjønnsnormene. Desse bøkene bør du lese!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kjærleik og identitet er og har alltid vore viktig i litteraturen. Forelsking og kjenslene knytte til å vere forelska er like om du er homo eller hetero, seier Ole Ivar Storø i foreningen !les.
Han peikar på at samfunnet har endra seg i synet på det å vere skeiv. Stadig fleire bøker for barn og unge tek på ulikt vis føre seg identitet, kjønn og seksualitet.
Storø har sett saman ei liste over nokre av dei skeive bøkene for barn og unge frå dei siste åra.
– Det kom fleire norske titlar i 2016, men så langt i 2017 er det i størst grad omsette titlar. Det blir spennande å sjå om den norske bokhausten følgjer opp tendensen frå fjoråret, seier han.
Har du fleire bøker du vil tilrå? Skriv dei i kommentarfeltet under!
God lesing!
Ole Ivar Burås Storø i foreningen !les. Foto: Kristin Strøm
Ti skeive lesetips for barn og unge:
Leons hemmelighet av Tor Fretheim
Nærmere kommer vi ikke av Monika Steinholm
Simon og homosapiens-agendaen av Becky Albertelli
Slagside av Heidi Sævareid
Jeg håper noen kan høre meg av Alice Oseman
Bare du av Anna Ahlund
Som ild av Sara Lövenstam
Kunsten å være normal av Lisa Williamson
En bror for mye av Linde Hagerup
Guttene av Jessica Schiefauer
Oppdatering:
Via Twitter har redaksjonen fått innspel om to bøker til:
Engel i snøen av Anders Totland
Flukt av Alte Hansen
God lesing!
LES OGSÅ: Skeiv litteratur er både spegel og vindauge
James Dickson (29) skulle ønske at det fantes fleire bøker om skeive personar då han var tenåring. Foto: Åsmund H. Eikenes.