ACOTAR-forfattaren med to nye bøker

Den sjette og sjuande boka i den populære serien kjem i år og neste år.

NPK-NTB
Publisert

Etter å ha late fansen vente i fem år melder bestseljarforfattaren Sarah J. Maas at det kjem to nye bøker i ein av dei populære bokseriane hennar.

Maas røpte ifølgje LA Times den etterlengta nyheita i Alex Coopers podkast «Call Her Daddy» denne veka. Fem år etter at femte bok i serien «A Court of Thorns and Roses», nærmar ventetida seg slutten:

Sjette bok kjem i oktober i år, den neste i januar 2027.

– Det tok meg ei stund å finne rette historia og vere i rett sinnstilstand. Og så strøymde dette ut av meg, og det gjekk veldig fort, fortalde Maas i podkasten og lovar ei «verkeleg, verkeleg stor historie».

Då ho i juli i fjor antyda at noko nytt var på gang i serien, fekk videoen nesten éin million likarklikk, ifølgje LA Times. Same stad har ho takka fansen for tolmodet og interessa deira.

– Eg veit kor lenge de har venta. Eg veit kor mykje desse karakterane betyr for dykk. Og eg veit også at desse historiene fortener meir enn fart og freistar. Dei fortener mitt beste eg. Dei fortener den rette augneblinken.

Første bok ut i «A Court of Thorns and Roses»-serien kom i 2015, men det var under koronapandemien at serien vart populær på BookTok. Bøkene følgjer Feyre Archeron i alvelandet Prythian.

Maas har ifølgje eiga nettstad selt meir enn 70 millionar bøker på engelsk av seriane «Glasstronen», «A Court of Thorns and Roses» og «Crescent City». Alle i den såkalla romantasy-sjangeren, som koplar romantikk og fantasy. Ho er gitt ut på nærare 40 språk, også på norsk.

Samstundes er fleire av bøkene hennar vorte forbodne i skulebibliotek rundt i USA, ifølgje rapporten «Banned in the USA» frå 2025. Årsaka er skildringar av seksualitet i nettopp «A Court of Thorns and Roses», har Kirkus Review tidlegare omtalt.