Koronatiltaka førte til at færre fekk kjønnssjukdommar i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2020 vart det meldt inn 1.045 gonorétilfelle i Noreg mot 1.704 tilfelle i 2019. Det er ein kraftig nedgang. For klamydia er det òg ein nedgang, men litt mindre. I 2020 vart det meldt om 25.444 tilfelle, som utgjer ein nedgang på 11 prosent frå 2019.

Dei nye tala kjem fram i «Årsrapport 2020 – Overvåking av seksuelt overførbare infeksjoner» som Folkehelseinstituttet (FHI) gir ut kvart år.

Koronaeffekt

– Nedgangen i talet på melde tilfelle av seksuelt overførbare infeksjonar i 2020 må antakast i all hovudsak å vere relatert til koronatiltaka med reiserestriksjonar, sosial distansering og nedstenging av uteliv, seier seniorrådgivar Øivind Nilsen i FHI.

Trenden med nedgang i melde hiv-tilfelle held òg fram. Det vart meldt om 137 hivsmitta i Noreg i 2020, mot 172 tilfelle i 2019. Nedgangen i talet på tilfelle var spesielt merkbar blant heteroseksuelt smitta.

Overraskande syfilis-oppgang

Når det gjeld talet på tilfelle av syfilis, auka desse frå 206 i 2019 til 287 i 2020. Det blir karakterisert som overraskande av FHI.

– Denne utviklinga er overraskande sett i lys av koronatiltaka og samanhalde med nedgangen i registrerte gonorétilfelle, seier Nilsen.

– Ei mogleg forklaring på at syfilis har auka blant menn som har sex med menn gjennom 2020, medan gonoré har gått kraftig ned, kan vere at syfilis i mindre grad gir symptom, har lengre smittsam fase enn gonoré og at sjukdommen er svært smittsam, seier han.


Edvard Botterli Udnæs er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen. Foto: EO