Etterlyser betre undervisning om menstruasjon: – Læraren må slå ned på ekle kommentarar frå gutar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2021 20:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaj-Martin Georgsen – Foto: Anna Kvarberg Ekre

– Undervisning om menstruasjon må engasjere alle kjønn. Gutar treng å lære og forstå.

Det seier generalsekretær i Care Norge Kaj-Martin Georgsen i ein e-post til Framtida.no.

Kommentarar om mensenhumør

Organisasjonen har teke intiativ til ei haldningsundersøking om mensen utført av Mindshare og Norstat.

Over 1000 norske kvinner har vorte spurt om haldningar til mensen.

– Over halvparten av jentene og kvinnene i undersøkinga har opplevd å få kommentarar på humøret sitt knytt til mensen, og eg trur dessverre at guter og menn står for mange av desse kommentarane, seier Georgsen.

Yngre skammar seg meir

Over av halvparten av kvinnene (54 prosent) svarar at dei føler seg skitne under menstruasjon.

I alderen 15-19 år er dette talet betydeleg høgare. 82 prosent av tenåringane i undersøkinga svarar at dei føler seg skitne under menstruasjon.

Dei yngste kvinnene gøymer i større grad bind og tampongar, og er reddare for å «blø gjennom» enn dei som er eldre.

Samstundes svarar over 60 prosent av dei mellom 15 og 39 år at dei føler dei lyt late som alt er bra, trass i at dei har vondt når dei har mensen.

Elevleiar vil ha auka kompetanse

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs meiner funna i rapporten er nok eit bevis på at me må styrke seksualitets- og kroppsundervisninga i skulen. 

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs. Foto: Elev.no

– Det er ein del av seksualitetsundervisninga å destigmatisere mensen og gje elevane eit godt forhold til eigen kropp. For å få til det må ein styrka læraren sin kompetanse. Det handlar ikkje berre om det ein les i boka, men òg korleis læraren oppfører seg og slår ned på ekle kommentarar frå gutar, som «No PMSar du», seier Botterli Udnæs på telefon til Framtida.no. 

– Det at ein ikkje slår ned på slike kommentarar har noko å seie, understrekar elevleiaren.

Han understrekar at det ikkje er behov for nye læreplanmål, men ei kompetanseheving blant lærarane.

– Redd at mensen kan verte ei hindring

Også generalsekretæren i CARE Norge meiner opplæringa i skulen må bli betre og at me må snakke meir om mensen for å normalisere det.

– Eg er redd at mensen kan verte ei hindring for nokre. Med skamma som fylgjer med mensen, skjønar eg at nokre kan trekkje seg unna viktige arenaar til dømes i skulesamanheng eller fritidsaktivitetar om ein føler seg dårleg eller er redd for å blø igjennom, seier Georgsen, som legg til:

– Og korleis skal ein få legehjelp om noko ikkje er som det skal, om mensen er så tabubelagd at ein ikkje kan snakka om det.


Tamanna Agnihotri er programleiar i nytt prateprogram om mensen, som startar opp på NRK 24. august. Foto: Maria Oliva Rivedal/NRK P3