Før Dovre fell
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg skal innrømme at eg lenge har hatt ein draum om å bli forfattar. Dimed må eg òg innrømme at eg er glad for at draumen har gått i oppfylling.
Men det har alltid vore ein nokså diffus draum, utan detaljar om korleis forfattarlivet ville arte seg – bortsett frå éin ting: Sjølvsagt har eg drøymt å få reise til litterære tilstellingar. Og ikkje berre i Oslo eller på tilsvarande keisame stader, men gjerne i ein eksotisk avkrok. Og helst med båt, til dømes med hurtigruta frå Trondheim til Berlevåg.
Men i det siste har det vore for fåe litterære tilstellingar i Berlevåg til at dei har prioritert å invitere akkurat meg. Heldigvis har eg ein god nummer to på lista: toget, kvar som helst. Fly er heilt forferdeleg og buss er heller ikkje all verda, men toget er fint.
Gjennom Gauldalen
Eg greidde ikkje eingong å irritere meg over at det var SJ og ikkje NSB som sat i førarsetet, så glad var eg då eg fann setet mitt på toget på Trondheim S, med billett til Lillehammer. Sjølvaste Litteraturfestivalen på Lillehammer hadde invitert meg.
Ein annan, yngre forfattar eg kjenner, fortalde meg at for ho var draumen Bergensbanen, altså å reise frå Oslo med Bergensbanen, til eit litterært arrangement i Bergen. Eg skal innrømme at eg sjølv òg kunne ha tenkt meg dette, spesielt fordi eg aldri har opplevd den hersens Bergensbanen anna enn i fjernsynet. Men Dovrebanen er ikkje så mykje dårlegare, Dovrebanen har òg sin sjarm.
Sjølve utseglinga (er dette eit ord, og kan det i så fall brukast om ei togreise?) frå Trondheim er fantastisk i seg sjølv. Utsynet over Noregs sanne hovudstad, samt Nidelven stille og vakker du er, glid harmonisk over i bylgjande jordbruksområde på Melhus, dei kanskje deiligaste i heile det nordenfjelske Noreg.
Normalt ville eg ha påstått at landskapet deretter dabbar kraftig av, men sett frå togsetet er til og med dei øvre delane av Gauldalen vakre. Ein ser gardar og hus ein ikkje ser frå vegen, ein lurer på om det bur folk der, og korleis kjem ein seg i så fall til desse plettane, kor går vegane og stigane …
Og ein tenkjer på alle dei buplassane og grendene ein aldri ser, dei som korkje jarnbane eller hovudveg fører fram til, eller eingong går i nærleiken av – kva slags menneske bur der, kva held desse menneska på med?
Ein ser liksom heile verda frå ein ny og vakrare vinkel (når ein då tek tog så sjeldan som eg gjer).

Frå Dovrebanen. Foto: Leif J. Olestad/NSB, CC BY SA 3.0-lisens
Over fjellet
Og langsamt stig ein oppover. Lauvskog blir til gran blir til bjørk. Berkåk stasjon, 450 m.o.h. Fyrste skimt av snøkvite nutar.
Oppdal, 545 m.o.h. Masser av sauar – og ein stad ein rev imellom dei! Bør eg ringje bonden? Akk, eg har ikkje nummeret.
Gjennom Drivdalen ut på ope fjell. Sender bilete, kviss, til mi gamle mor: «Kvar er eg no?» «Kvar er eg no?»
Kongsvoll, 886 m.o.h. Snøhetta til høgre – og i det fjerne: ein moskus! Eg vinkar, men han vinkar ikkje attende.
LES OGSÅ: Rekordmange vil bli lokførar – Lokførartvillingane gler seg

Hjerkinn stasjon 1017 meter over havet, den høgaste stasjonen på Dovrebanen. Tog på Hjerkinn Foto: Jan-Tore Egge, CC BY-SA 4.0-lisens
Hjerkinn, 1016 m.o.h. Les ein roman, frygdar meg og ler, skriv ei bok. Les til eksamen i pedagogikk, sovnar momentant.
Vaknar på Dombås, 659 m.o.h. Et matpakka mi, drikk medbragt vatn. Gudbrandsdalens grøne marker, bratte åsar. Hugsar Rolf Jacobsens dikt om innlandsbanen frå Gällivare til Östersund, namn som Vargtandberget, Vojmån og Vilhelmina, elvene Lule, Pite, Ume. Drikk kaffi frå medbragt termokopp i medbragt utbrettbar turkopp, et ein medbragt jogurt med medbragt skei, stoler ikkje på plastskeier. Svarte gardshus og svære hestar.
Plutseleg ei røyst frå tvers over midtgangen: «Skjetne, er det du?» Poet, augelækjar, tennisspelar Jon Ståle Ritland, som steig inn i vogna på Dombås, har drege kjensel på meg. Vi møttest for fyrste gong for nokre år sidan, har ikkje sett einannan sidan – men gjensynet er gledeleg.
Han skal til Lillehammer han òg, skal lesa glitrande dikt der, har reist frå Ålesund med buss til Åndalsnes, derifrå med tog.
Framme
Det blir ei gjevande samtale med ein innsiktsfull mann – og tida berre flyg. Får ikkje eingong med meg høgda over havet på Vinstra og i Ringebu, men kva så?
Og plutseleg: Der er Lillehammer! Mjøsbyen framfor alle. Ei eventyrleg reise er over, den største draumen har gått i oppfylling. No gjeld det berre å ikkje skjemme seg ut på festivalen.
LES OGSÅ: Yrket mitt: Halldis (36) er lokførar
