Rekordmange vil bli lokførar – Lokførartvillingane gler seg

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokførerskolen fekk 1162 søkarar i år. Det er ny rekord.

– I fjor auka me talet på studieplassar frå 120 til 144. I år smeller me til med heile 168 plassar, skriv skulen i ei pressemelding.

Talet på studieplassar er tilpassa behovet til bransjen. Det betyr at det sjeldan er lokførarkandidatar som går arbeidsledige lenge, ifølgje skulen.

11,2 prosent av søkarane er kvinner, og gjennomsnittsalderen er 31,5 år.

Lokførartvillingeffekt?

Lokførartvillingane Halldis og Gudrun Folkedal er imponerte over tala.

Me har jo vorte kalla Noregs fremste toginfluensarar, og reknar sjølvsagt med at me har inspirert alle til å verta lokomotivførarar. Me reknar rett og slett med at dette er lokførartvilling-effekten, skriv dei i ein kommentar til Framtida.no på Twitter, og legg til:

– Uansett, me gler oss til å få nye gode kollegaer og reknar med at det er kremen av kremen som kjem gjennom nålauga for å starta på skulen, avsluttar dei.

LES OGSÅ: Yrket mitt: Halldis (36) er lokførar

Kven vil vel ikkje reise med nattog i sommar, og sjekke inn på “Vondskapens lokomotell” Foto: Halldis Folkedal/Flickr

 

 

Fakta: Talet på søkarar på Lokførerskolen

2021: 1162
2020: 998
2019: 620
2018: 457
2017: 470
2016: 446