Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Nynorsk litteraturpris: – Kan få lesarane i den nye tida til å elska litteratur

– Det har vore forløysande for meg å vera ein tospråkleg forfattar. Utan nynorsk hadde truleg ikkje Tollak til Ingeborg blitt til, sa prisvinnaren under utdelinga på Garborgsenteret på Bryne tysdag 1. juni.

Omslag: Cappelen Damm

Nynorsk litteraturpris er på 30.000 kroner, og har vore delt ut sidan 1982 av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget. Det er fyrste gong Tore Renberg, som har skrive dei fleste av romanane sine på bokmål, får prisen.

– Ei sterk historie

Juryen skriv at boka «er ei sterk historie som også kan få lesarane i den nye tida til å elske litteratur». Heming Helland Gujord, Carl Morten Amundsen og Marta Norheim har vore jury i år.

Framtida.no sin meldar skreiv i fjor haust at Tollak til Ingeborg er eit glimrande portrett av ein mann som skil seg ut frå mengda, og kalla romanen «ein moderne klassikar».


Tore Renberg. Foto: Ragnhild Sofie Selstø.