Elevorganisasjonen skeptisk til å varsle foreldre om fråvær
Elevorganisasjonen vil ha ein felles plan for korleis skulen og elevane kan jobbe saman for å hindre fråvær, i staden for at foreldre automatisk skal varslast.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er skeptiske til dette. Dette fungerer mest som eit «hei-sjå-på-oss-vi-gjer-eit-fråværs-tiltak», seier Edvard Botterli Udnæs som er den nye leiaren i Elevorganisasjonen til Utdanningsnytt.
Han viser til at det kan vere utfordringar heime som gjer at eleven ikkje kjem på skulen.
– Ei slik direkte melding til føresette kan skape meir støy og utfordringar heime.
- Les også meiningsinnlegget frå Linn Isabel Eielsen om fråværsgrensa: «Både eg og andre var på skulen på dagar då vi skulle ha vore heime»
Skule og heim-samarbeid
Det er Høgre som på landsmøtet vedtok ein stor fråværsoppfølgingspakke, der eitt av punkta er at føresette skal få automatisk beskjed ved alle typar fråvær i grunnskulen.

Mathilde Tybring-Gjedde, Høyre, Oslo Foto: Stortinget
– Dette er ein del av den tiltakstrappa vi vil krevje at skulane og kommunane skal ha. Det handlar om eit godt skule og heim-samarbeid, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Elevorganisasjonen meiner at ved fråvær bør læraren ta ein prat med eleven i første omgang. Deretter skal eventuelt føresette og andre blir varsla.
– Høgre har gode intensjonar, men dersom dei hadde hatt større vilje til å sjå djupare inn i fråværspolitikken, ville ikkje dette vore løysinga dei hadde servert, seier Udnæs.