Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har til gode å finne ein karakter eg kjenner meg igjen i, nokon som dekker mitt komplekse eg. Men eg har levd meg inn ei fleire av hovudpersonane i bøkene til Jane Austen, og ventar framleis på Mr. Darcy.

Det skriv forfattardebutant Marie Tveiten, som les meir enn ho har tid til, men mindre enn ho har lyst til.

Bonusmamma

28-åringen er utdanna musikar og jobbar i tillegg som marknadsførar. Ho speler mellom anna i country/pop-bandet The Northern Belle, som har vore spellemannsnominert.

Omslag: Samlaget

I debutromanen Bonus møter me Astrid. Ho drøymer om sitt eige galleri, men får ei ny rolle som bonusmamma når ho møter småbarnsfaren Anders.

Debuterer parallelt med mor

Noko spesielt er det at både Marie Tveiten og mora, Kristin Tveiten, debuterer på Samlaget denne våren. Akkurat det synest dottera var ekstra stas.

– Eg er stolt av både meg og ho. Det har også vore godt å ha kvarandre i skriveprosessen sidan vi begge er debutantar og ferske i gamet, skriv 28-åringen, som legg til:

– Likevel var det litt stressande i innspurtsfasen då vi var to som skulle i mål samtidig. Det held med éin som riv seg håret om gongen. Slik sett har det heile vore både dobbel glede og dobbelt stress.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den skriveglade seljordingen.

Mor til Marie Tveiten, Kristin Tveiten bokdebuterer òg i 2021. Boka henner er blant dei som har gjort inntrykk på dottera.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eg har eigentleg ikkje nattbord, eg brukar vindaugskarmen. Boka eg les blir dessutan liggande i senga. No for tida er det Tollak eg ligg med.

Tore Renberg Tollak til Ingeborg

Stavangerforfattar Tore Renberg har fått gode meldingar for romanen «Tollak til Ingeborg», som er hans andre nynorskroman. Foto: Marie von Krogh, Cappelen Damm

Kva bøker les du helst?

Eg les nok mest samtidsromanar av nordiske forfattarar. Det har berre blitt slik, kanskje fordi eg likar at handlingane ikkje er så langt unna mitt eige univers. Men eg vil gjerne lese meir av litteratur frå heile verda. Hyllene med krim og sci-fi går eg foreløpig forbi.

Kor les du?

Oftast i sofaen heime, omgitt av bokhyller, peis og plantar. Eg les av og til i senga òg, men der blir det ikkje så mange sider om gongen før augneloka glir att. Når eg er ute og går, eller køyrer bil, høyrer eg gjerne på lydbøker. Men dei bør ikkje vere for spennande, om eg skal få med meg det trafikale òg.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Mor mi las for meg kvar kveld på senga, eventyr og andre barnebøker. Av og til dei same bøkene om att, som for eksempel «Mio min mio» av Lindgren eller «Hallo? Er det noen her?» av Jostein Gaarder. Mens Ridder Kato stal litt av nattesøvnen, så fekk Joakim og Mika meg til å tenke. Litt for mykje.

«Mio min mio» av Astrid Lindgren og «Hallo? Er det noen her?» av Jostein Gaarder er bøker Marie Tveiten har med seg frå barndommen.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg las ikkje så mykje i starten av tenåra, og sette heller på ein CD med Arve Tellefsen då eg skulle legge meg. Det var så mykje anna eg interesserte meg for, hardingfele, song og etter kvart gutar.

Men i barneskulen hadde eg ein lærar som las Roald Dahl høgt for oss i matpausen, og eg vart dratt inn i ei fantasiverd. Då er det vel ikkje til å unngå å seie at det gjorde inntrykk å lese Harry Potter òg.

Marie Tveiten var glad i Arve Tellefsen, folkemusikk og Harry Potter. Foto: Tore Sætre

Om ikkje så mange bøker, så las eg eit Donald-blad kvar dag i denne perioden, ingen frukost utan. Eg får framleis bursdagskort frå Donald, sjølv om abonnementet blei avslutta for mange år sidan. 

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Bibelen? Om eg berre skulle tenke salstal. Elles ville eg sjølvsagt helst skrive ei bok som rører, og som festar seg hos lesaren.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ei god bok for meg er ei som kan ta meg bort frå røynda, noko som vekker noko i meg, og kanskje også gjer at eg kan ta med meg noko vidare.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Eg burde kanskje invitere Hamsun, for han er sikkert sulten. Men for å garantere ein hyggeleg kveld hadde eg invitert min skrivekollega Rune Berg, som også er bokdebutant i år. Som ei avslutning på alle timane vi har hatt i lag på Deichmanske Bibliotek, fortener vi ein dugeleg middag.

Marie Tveiten ville hatt Knut Hamsun eller Rune Berg på middagsbesøk. Foto: Anders Beer Wilse – Nasjonalbiblioteket og Marie Tveiten

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Erlend Loe. For å halde humøret oppe i denne grusomme forbannelsen.

Boka di vert filmatisert – kven spelar hovudrolla?

Det finst så mange dyktige unge skodespelartalent her i Noreg, så ei av dei ville eg latt få sjansen. Men om boka hadde blitt omsett og filmatisert utanlands, måtte det nok blitt Zooey Deschanel.

Zooey Deschanel i rolla som Jess i tv-serien «New Girl». Foto: Ray Mickshaw/Fox


Sunniva Roligheten sykla til Gert Nygårdshaug for å gje han ei t-skjorte ho hadde brodert sjølv. Ho fortel at det var kring 40-50 kilometer å sykle ein veg, så det var eit litt slitsamt påfunn. Foto: Privat

Marie Tveiten

Alder: 28

Frå: Seljord

Utdanning: Bachelor i populærmusikk

Yrke: Musikar, marknadsførar og forfattar.

Kor mykje les du sjølv?: Meir enn eg har tid til, men mindre enn eg har lyst til.