Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg høyrer mykje på lydbok. Då er eg på tur eller gjer husarbeid. Når eg les, sit eg oftast i sofaen. I dei tider då det var normalt å reise, så las eg i flyseter og togseter.

Det skriv Olaug Nilssen i ein e-post til Framtida.no.

Allereie som 20-åring debuterte Olaug Nilssen som forfattar med Innestengt i udyr, og før ho var 30 hadde ho gitt oss klassikaren Få meg på, for faen.

Den prisløna forfattaren har hatt eit godt bokår i 2020. Yt etter evne, få etter behov har fått knallgode kritikkar, vorte nominert til både Brageprisen og P2-lyttarane sin litteraturpris.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar.

Desse bøkene fekk Olaug Nilssen til å grina, le, verta sint og tenkja.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Der ligg det ikkje så mange, men eg held på med Vigdis Hjorths Er mor død, Annie Ernaux Sommeren 58, Pedro Carmona Alvarez Refrenger, Beate Grimsruds Jeg foreslår at vi våkner, Virginie Despentes Vernon Subutex 2 og sikkert mange fleire som eg ikkje hugsar i augneblinken.

Kva bøker les du helst?

Eg les vel ikkje helst romanar og sakprosa, men eg les mest romanar og sakprosa. I ein periode las eg svært mange bøker om autisme. No for tida er eg interessert i klasseproblematikk, merkar eg, og der er både Eduard Louis, Zeshan Shakar og Carl Frode Tiller gode namn.

Mest inspirerande i så måte er likevel Sandra Lillebø, med romanen Tingenes tilstand, som kom ut i år. Sjølv er eg vel ein typisk middelklasseforfattar.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Begge foreldra mine las for meg, men eg har fleire minner om at dei dikta historier. Mamma dikta om «mannen på toppen», og pappa dikta om «elefantgutten», som fekk fleire elefantsøsken etter kvart som familien vår vaks.

Eg lærte tidleg å lese sjølv, og har veldig sterke minne om for eksempel Frendelaus av Hector Malot og Syv små australiere av Ethel Turner.

Olaug Nilssen fekk mange unike historiar fortald frå foreldra, men hugsar òg fleire barnebøker.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Mange bøker gjorde inntrykk på meg i tenåra, eg var ein skikkeleg bokorm.

Men ei bok som eg framleis rett som det er kjem på, og tenkjer på, er Sylteagurker med sjokolade av Stephanie. Den handla om mensen og om å vere ein einsam tenåring. Hovudpersonen hadde ei eiga leiligheit full av leiker og gåver frå foreldra, som ikkje var til stades for henne i livet. Når eg tenkjer på dette i dag, lurer eg ofte på om akkurat dette med denne eigne leiligheita var metaforisk meint.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Ringenes Herre-trilogien.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det varierer frå bok til bok. Eit fellestrekk er karakterar med sårbarheiter og brestar. Viss du merkar at forfattaren er redd for å la karakterane gjere feil, redd for å la dei vere dumme og dustete, så blir det for slapt for meg.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Her kan eg jo svare Olaug i min eigen roman frå 2017, Tung tids tale, men det stemmer ikkje så godt lenger. Eg kjenner meg att i mange karakterar frå norsk samtidslitteratur, og det trur eg betyr at samtidslitteraturen speglar det norske samfunnet.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

No når det er pandemi, drøymer eg om å ha ein skikkeleg kjempefest av ein middag med alle forfattarkollegaer som kan krype og gå.

Men under meir normale forhold, så tenkjer eg at eg gjerne ville hatt J.K. Rowling eller J.R.R. Tolkien til bords, så dei kunne lære meg noko om gode og interessante eventyrplot. Trur eg hadde kost meg resten av livet om eg hadde meistra og hatt tolmod til å skrive i den sjangeren der.

Olaug Nilssen trur ho kunne lært mykje om eventyr av Joanne «Jo» Rowling og John Ronald Reuel Tolkien.Foto: Debra Hurford Brown © J.K. Rowling og ukjend

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Ei grufull skjebne både for meg og den forfattaren! Men det måtte bli Shakespeare.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Få meg på, for faen, er jo filmatisert, og det synest eg gjekk bra, med supertalentet Helene Bergsholm i hovudrolla.

Men det hadde vore moro med ei filmatisering av Ikkje tenk på det. Eg trur Helén Vikstvedt hadde gjort seg i rolla som Oddlaug Nilstun. Hovudrolla Michel kunne bli spelt av Gerard Depardieu.


Les også: Olaug Nilssen såg på Teletubbies og freista setje opp debutboka si på pensum

Som 20-åring debuterte Olaug Nilssen som forfattar og starta på litteraturvitskap – der ho foreslo å setje seg sjølv på pensum. Foto: Privat/Bent R. Synnevåg

Olaug Nilssen

Namn: Olaug Nilssen

Alder: 42

Frå: Solheimsdalen i Førde, no Sunnfjord kommune

Utdanning: Skrivekunstakademiet, mellomfag i litteraturvitskap, grunnfag i nordisk og sosiologi frå UiB.

Yrke: Forfattar og dramatiker

Tal på lesne bøker i året: Det varierer nok litt frå år til år, men eg trur eg er trygt innafor om eg seier 30-40 bøker i året.