Tarjei (22) arrangerer Noregs største digitale 17. mai-tog: – Viktig å snakka om at dette er den nye fritidsaktiviteten

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur at veldig mange unge har eit av sine viktigaste fellesskap digitalt. Dei har venner, interesser og aktivitetar som går føre seg på skjerm. Mange hadde dette før korona også, men det har nok blitt ekstra sterkt no under pandemien.

Det seier Tarjei Mo Batalden (22), som administerer stab, økonomi og analyse på skogliv.no.

Skogliv er Noregs største Minecraft-server. Sidan oppstarten i 2018 har han, Tobias Laundal (22) og Erlend Pilø (25) hatt om lag 30.000 besøkjande, og har slik vore ein naturleg samlingsplass for mange unge.

For andre året på rad, køyrer dei no i gong med Noregs største digitale 17. mai-tog.

17. mai utan smittevern, nærkontaktar og avstand

– Me skulle gjerne likt å feira 17. mai som vanleg, men det blir jo mest truleg ikkje mogleg i år heller. Derfor lagar me eit digitalt 17. mai-tog der me kan samlast og feira, utan å tenkja på avstand, tal på nærkontaktar og smittevern. Me har plass til alle som har lyst til å vera med, seier Batalden.

Det vil vera mogleg å gå i to ulike løyper. Det blir ei kunstig løype med kjende element frå heile Noreg, og ei Oslo-løype som er heilt reell. Tarjei trekkjer fram løypa frå Oslo som spesielt imponerande.

– Me har brukt det siste året på å byggja heile Oslo sentrum saman med RevenJoakim. Det er eit så imponerande byggverk at me gjerne vil visa det fram til så mange som mogleg.

I Oslo er det mellom anna mogleg å sjå Slottet.

Slepp bekymringar

Fjorårets tog vart ein stor suksess. Heile 9.000 menneske var innom Minecraft-verda til Skogliv.

– Det var så kjekt å sjå at alle hadde det bra, sjølv om feiringa ikkje vart slik som ho normalt er, seier Batalden.

Han trur ikkje at det er tilfeldig at fleire brukar meir av fritida si på dataspel.

– I desse nettsamfunna kan ein møte andre menneske, og likevel sleppa å vera bekymra for inntrykk og utsjånad og andre ting ein kanskje ikkje likar ved seg sjølv. Det er mogleg å gløyma seg litt, men samtidig opna opp for å snakka med andre på tvers av kvar ein bur, eller kva interesser ein har.

Kva med ein digital tur til Kristiansand og Dyreparken? Det har du moglegheit til på 17. mai.

Den nye fritidsaktiviteten

Medietilsynet si undersøking «Barn og medier 2020», viser at talet på born og unge som spelar dataspel, aukar for kvart år. 86 prosent av 9–18-åringane som deltok i undersøkinga, sa at dei brukte tid på dataspel i fjor.

Batalden fryktar at dei fleste foreldre framleis ser på dataspel som noko negativt.

– Det er nok sikkert mange foreldre som «berre» ser at borna deira går inn på eit rom og lukkar døra, for så å forsvinna inn i ein PC, seier 22-åringen og held fram:

– Eg trur at det er viktig å snakka om at dette er den nye fritidsaktiviteten, der mange born og unge møter andre og er sosiale. Gaming kan vera ei god erstatning no når det ikkje har vore mogleg å møtast som før.

Kanskje er skepsisen blant foreldre rota i at vaksne brukar spel på ein annan måte enn dei unge.

Tarjei fortel at dei kjem til å pynta med norske flagg. – Me kjem til å byggja mange av dei norske flagga med klossar. På eitt vis vil det vera mogleg å vifta med det. Det vil bli litt hakkete, men det blir så bra som mogleg. Her frå Bryggen i Bergen.

Unge og vaksne brukar dataspel ulikt

– Det er nok mange foreldre som ikkje greier å sjå verdiane i fellesskapa og det sosiale dei som spelar har på nettet, seier Tarjei Mo Batalden.

– Vaksne menneske er kanskje mest på mobilen medan dei sit på bussen til eller frå noko dei skal, eller medan dei ventar på at middagen skal bli klar. For born og unge er det ein aktivitet der dei i mykje større grad er sosiale og snakkar med andre medan dei spelar.

Samtidig rosar han fleire av foreldra Skogliv er i kontakt med. Mange spelar sjølv og engasjerer seg i verda borna deira vitjar.

– Det er ikkje så mykje som skal til. Vis litt interesse og anerkjenn at mange born og unge har mykje av den sosiale arenaen sin gjennom spel.


Spelutviklar og dagleg leiar i Sarepta Studio, Catharina Due Bøhler, har sjølvsagt ein avatar som vert brukt i jobbsamanheng. Foto: Privat