Manglande ungdomsinvolvering av FN: «Eit direkte hån mot unge verda over»

Julie Rødje og Cari Anna King
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I haust arrangerer FN for første gong eit internasjonalt toppmøte om matsystem, UN food system summit.

Målet er å kome fram til nye løysingar, såkalla «game changing solutions», for å skape eit matsystem som sikrar menneske sunn og næringsrik mat og samtidig varetek miljøet. Dette skal, ifølgje FN sjølv, vere eit «folkets toppmøte».

Vi i Spire har følgt dei internasjonale digitale møta i prosessen tett. Den manglande involveringa av stemmer frå sør, og særleg ungdom og urfolk, har vore svært tydeleg.

Waffle og Mochi frå barne-tv

Tysdag denne veka blei det arrangert eit eige «ungdomsmøte». Kanskje kunne endeleg unge si viktige stemme bli høyrd for å skape eit berekraftig, rettvist og framtidsretta matsystem.

Som ofte ser vi ein fordummande prosess når ungdom skal inkluderast

Diverre blei det ein stor skuffelse. Som ofte ser vi ein fordummande prosess når ungdom skal inkluderast. Det blir eit parallelt spor der vaksne leiarar fortel at ungdom er viktige, utan at ungdom sjølv vert lytta til. Store lovord heilt utan innhald dominerer.

Tysdagens møte var eit direkte hån mot unge verda over.

Møtet starta med ein eigenprodusert episode av animasjonsfigurane Waffle og Mochi frå Netflix jr. Deretter kunne FNs «special envoy», Agnes Kalibata, fortelje kor viktig det er at ungdom engasjerer seg og at «ungdom er framtida».

Interessa for konkrete løysingar eller utfordringar unge opplever var derimot fråværande. Det heile kjentest som eit NRK Super-program med målgruppe barn 5-7 år.

Slit med innpass i landbruket

Både her heime og internasjonalt slit unge med å få innpass i landbruket, sjølv om vi er heilt avhengig av auka menneskelege ressursar.

Unge er nøkkelen for eit berekraftig og rettferdig matsystem

Unge er nøkkelen for eit berekraftig og rettferdig matsystem. Vi sit på kunnskap og er særleg oppteken av berekraft. Likevel vel FN å framstille oss, og prate til oss, som vi er heilt uvitande.

Samstundes som det blei arrangert ungdomsmøte, blei det halde Public Forum for handlingsspor 1 med mål å sikre trygg og sunn mat for alle. Her blei det presentert ein sosiale medium-kampanje som brukar #actionforchange og #act4food for å engasjere ungdom i å be om løysningar dei ønskjer frå sine regjeringar. Målet skal vere å engasjere ungdom til å kreve endring frå beslutningstakande selskap og regjeringar.

Meir enn emneknaggar og barne-tv

Om FN meiner alvor med reell ungdomsmedverknad må ungdom å bli inkludert i riktig prosessar. Det er ikkje nok at ungdom får ein sosiale medium-kampanje som skal ta kontakt med politikarar og selskap, når dei i staden kunne blitt invitert til å påverke der det tel.

Ungdomsmedverknad kan ikkje bli redusert til emneknaggar og barne-tv når det er vår framtid det er snakk om.

Internasjonale dialogmøte med ulike tema skal halde fram til formøtet i juni og deretter sjølve toppmøtet i september. Det har allereie vorte uttrykt stor uro knytt til kommersielle interesser og at forslaga som som fremma er dominert av vestlege land og store selskap. Skal dette bli eit folkets toppmøte og kome fram til reelle løysingar for framtida, må stemmer frå sør, urfolk og ungdom inkluderast.

Ungdommen sine stemmer

Det er ingen tvil om at vi treng ei radikal endring av dagens matsystem.

Det finst løysingar som kan få bukt med svoltproblematikken, sikre småskalaprodusentane anstendig løn og produksjonsmetodar som spelar på lag med miljøet.

Dette må vere premisset for vidare prosess. Skal vi oppnå målet må folket si – og ungdommen sine stemmer, ikkje selskapa sine, lyttast til.


«Som Greta, i filmen GRETA , tydeleg påpeikar må vi endre kurs, og det må skje no,» skriv Spire-leiar Julie Rødje. Foto: Hulu