Identitet

«De vaksne har ikkje levd EIN dag i denne generasjonen»

Vi er ikkje late, vi er berre slitne etter ein lang dag med skule, skriv Sabrin Zewde Adem og Victoria Garnes (14) om å vere ung i 2024.

Sabrin Zewde Adem og Victoria Garnes (14)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Korleis kjennest det å vere ungdom?

Du skal alltid vere perfekt.

Perfekt kropp.
Perfekt kjærast.
Perfekte karakterar.
Perfekt på bana.

Det er jo fint å vere ungdom … eller er det det?

Mange unge driv med sjølvskading og tar sjølvmord. Ifølge NHI er det faktisk 30–40 tilfelle årleg der folk under 20 år tar sjølvmord.

Kva skjer eigentleg med ungdom i dag?

Vert du sett?
Vert du høyrt?

Dette er korleis de vaksne ser oss:
Ein stor gjeng med svartkledde gettoar med puff i lomma.

Privilegerte ungar som får «alt» dei vil.
«Late» ungdommar som heller vil sjå på TikTok enn å rydde rommet.
Ungdom som aldri er heime.

Som Dhar Mann sa: «Don’t jugde someone until you get to know them».

Men er det sånn vi faktisk er?

Kanskje vi går i svarte klede og kanskje vi gjer dumme ting iblant, men det vi eigentleg gjer er å henge med vennene våre, og skape minne for livet.

Kanskje vi verkar privilegerte, men når vi spør om å få pengar eller andre ting, får vi faktisk klump i magen.
Vi veit kor hardt de jobbar.

Vi er ikkje late, vi er berre slitne etter ein lang dag med skule.
Etter det har vi ikkje noko energi til overs, til å rydde rommet for eksempel.

Vi er heime heile tida, og vi føler faktisk at vi ikkje er ute nok!

For oss er det skule, trening, lekser, ete og sove på repeat.

Det kjennest som ein vond sirkel.

Så kvifor vert vi dømte?

De vaksne har ikkje levd EIN dag i denne generasjonen.
Korleis kan de dømme oss?
Det er mange grunnar til at vi blir sur, lei, redd og sint.
Men vi kjenner at det tek litt over for dei positive sidene.

Vi kjenner også mykje glede, kjærleik, sumarfuglar i magen, tilhøyrsle og mykje, mykje meir!

Så ein kan velje å seie at det er heilt forferdeleg å vere ungdom i dag.

Eller,
at det faktisk ikkje er så gale.

Vi vel sjølv korleis vi ser på ting.
Nokon kan velje å sjå negativt på det, men ein kan også velje å sjå det positive!
Dersom ein ser negativt på alt kjem ein ingen veg.

Så det er viktig å prøve å finne lyset i mørket,
sjølv om det kan vere vanskeleg.

Dei hadde også dårlege dagar i 1970,
sånn er det i 2024 også.

Berre fordi ting er vanskeleg i periodar, betyr det ikkje at denne generasjonen er bortkasta.

For ingen har det perfekt heile tida.

Ingen er perfekte.

Sånn har det sikkert alltid vore,
og kjem alltid til å vere.