Spire om teknologioptimismen: «Køyrer bokstaveleg talt over lik»

Julie Rødje
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein nedkorta versjon av innlegget var først publisert i Dagsavisen, men er omsett til nynorsk og republisert i sin heilskap på Framtida.no med løyve frå forfattaren.

Tidlegare denne månaden døydde over 50, i hovudsak unge, menneske i ein gruvekollaps i republikken Kongo.

Dei arbeidde under farlege forhold for å hente ut mineral vi brukar kvar dag. Mineral som er i våre kjære mobilar, laptopar og elbilar, og våre mindre kjære elsparkesyklar.

Størsteparten av desse minerala kjem frå nettopp Kongo. Hendinga i helga angår difor også oss. Diverre er dette ein del av den mørke realiteten av vår naive tru på at teknologien kan redde oss frå klimakrisa.

Familiar til søksmål mot Apple og Tesla

Tragedien i Kongo er diverre verken sjokkerande eller eineståande. Det har vore ei rekke slike ulykker i landet, og tilsvarande i andre fattige land.

I fjor gjekk 14 familiar i Kongo til søksmål mot teknogigantane Tesla og Apple etter at barna deira døydde i gruver kor dei arbeidde med å henta ut kobolt.

Mineral som kobolt og litium vert henta ut i storslått skala for å kunne brukast i vår teknologi. Ofte også i teknologien som vert hylla som løysinga på klimakrisa.

Dette skjer når vi ikkje klarar å løfte blikket og sjå heilskapen. I desperasjonen på å løyse ei krise, bidreg vi til å skape andre. Vi ser akkurat det same når regjeringa freistar å løyse konsekvensane av koronapandemien ved å gje enorme krisepakkar til petroleumsnæringa.

11. september i år omkom over 50 personar då ei gullgruve kollapsa nær byen Kamituga i provinsen Sud-Kivu aust i Kongo. Foto: Jeff Mwenyemali/Maisha RDC via AP

Ikkje miljømessig berekraftig

Utvinninga av desse minerala er kritikkverdig av fleire årsakar. Når barn og unge vert frårøva sin rett til utdanning og barndom, for å måtte drive hardt og farleg arbeid for dårleg løn, er dette noko som angår oss.

Når det i tillegg får dei mest fatale konsekvensane kan vi ikkje la vere å krevje endring.

Ser vi miljøet under eitt, kor vi inkluderer både klima og natur, og dermed også mattryggleik og ressurstilgang, er det heller ikkje miljømessig berekraftig å fortsette utvinninga og produksjonen som i dag.

Ei menneskerettslov for næringslivet

Nordmenn har eit skyhøgt forbruk, og dette må reduserast. Likevel må ansvaret leggjast på politikarane, deira reguleringar og selskapa sin praksis.

Tidlegare i september blei Koalisjonen for ansvarlig næringsliv (KAN) lansert. Her står over femti aktørar, frå sivilsamfunnsorganisasjonar til store næringslivsaktørar, saman og krev ei menneskerettslov for næringslivet.

Vi krev opne prosessar i alle ledd av verdikjeda og at omsyn til menneske og miljø står i sentrum. Dette er eit første steg i riktig retning.

Prisen for eit barneliv

Også kommunar og andre offentlige etatar må anerkjenne sitt enorme ansvar i form av innkjøp.

Økonomisk lønnsemd kan ikkje gå på kostnad av menneskeliv eller miljøet.

Det er vanskeleg å setje ein pengeverdi på 50 dekar matjord. Det burde vere umogleg å setje det på eit barns liv. Likevel er den absurde realiteten at dette vert gjort dagleg. Kan vi vere så primitive at alt som Excel ikkje kan rekne ut sjølv, ikkje skal inngå i våre utrekningar?

U-land på berekraft og rettferd

Teknologisk utvikling har heilt klart gitt oss ei rekkje goder. Men vi kan ikkje sjå bort frå at det også har skapt større ulikskap, menneskerettsbrot auka klimagassutslepp og tap av naturmangfald.

Skal vi løyse desse krisene må vi bort frå tvangstrøya om at teknologien kan redde oss frå klimakrisa.

På vegen mot eit berekraftig og rettferdig samfunn er Noreg eit utviklingsland. Sjølv om vi teknologisk er i førarsetet, er vi nøydde til å stoppa opp når vi bokstaveleg talt køyrer over lik.

Om eitt år er det val i Noreg – lat oss bruka året på å finne dei beste løysingane for eit vegskifte i norske prioriteringar.


Les også intervjuet med Daniel (17) og Mukamba (16): – Det største problemet er at det er vanskeleg å puste

Frå venstre: Mukamba Jackson Watongoka (16) og Daniel Akilimali Wilondja (17) vitja Noreg i sommar. Foto: OD