Dialekt i Dagsrevyen: «Noregs Mållag har identifisert riktig problem, men feil syndar»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I 2019 klarde NRK for fyrste gong å nå minst 25 % nynorsk i alle kanalar.
Dette var fyrste gongen på 50 år at NRK klarde å nå minstemålet sitt for nynorsk, og i fjor var dei attende under 25 %-grensa.
Mykje dialekt tel med
I 2020 var det mest nynorsk på radiokanalen P1, med 30,2 %. Men dette er på grunn av reknemåten, og ikkje fordi dei faktisk snakka 30 % talt nynorsk i P1. Det er mykje dialekt som tel med.
Dialektane våre er som kjend korkje nynorsk eller bokmål.
Nynorsk er bygt på dei norske dialektane, slik at det er noko frå alle dialektane der, men òg slik at ingen dialektar kan sjå alt att i nynorsken.
Bokmålet har si rot i dansk, men har dei siste 120 åra blitt meir og meir tilpassa talemålet til dei relativt fine og velståande i hovudstaden. Den kraftige målrørsla på 1930-talet gjorde at bokmålet tok meir omsyn til resten av landet og til folk med mindre rikdom og utdanning.
- Les også innlegget: Snakk dialekt – Skriv i-mål!
Nynorsk, bokmål og dialekt
Når NRK reknar ut fordelinga av ulike språk, deler dei i tre: Talt nynorsk og nynorsknær dialekt, bokmålsnær dialekt og talt bokmål og andre dialektar.
Grunnlaget for å døma om noko er nynorsk eller bokmål er ei liste på 28 vanlege ord som skil nynorsk og bokmål. Talt nynorsk og dei nynorsknære dialektane vert rekna som nynorsk, og det same gjer halvparten av tida dei snakkar dei andre dialektane, ifølgje ei oversikt frå Kringom, medlemsbladet til Kringkastingsringen.
Dette gjer at NRK kan klappa seg sjølv på skuldra og vera greitt nøgde, trass i at dei ligg langt unna minstemålet dei har for nynorskbruk.
I 2014 rekna NRK seg som innanfor på både P1, P2 og P3, men MedieNorge såg på radiokanalane og fann 9 % nynorsk og 66 % bokmål.
- Les også Synne (18) sitt innlegg om dialekta si: «Kæn é få `n påsså?»
Bokmålet skvisar ut nynorsk og dialekt
Dialektbruken vert ei sovepute NRK kan bruka for å seia seg nøgde med språkarbeidet sitt. Då er ikkje problemet at det er for mykje dialekt på NRK.
Problemet er at det er for mykje bokmål, og at bokmålet skvisar ut både nynorsk og dialekt. Hadde den aukande dialektbruken skuva unna bokmålet, heller enn å skjula problemet med lite nynorsk, hadde nok ikkje Noregs Mållag reagert slik dei gjer.
NRK har so lite nynorsk at mange får for få språklege føredøme
NRK kunne halvert bokmålsbruken i kanalane sine, og likevel hatt nok bokmål til at me kan høyra for oss ei indre bokmålsrøyst som kan hjelpa oss å skriva.
NRK har so lite nynorsk at mange får for få språklege føredøme til å laga seg ei indre nynorskrøyst. Det er her problemet ligg.
Når Noregs Mållag går ut mot meir dialektbruk i nyhendesendingane, har dei identifisert riktig problem, men feil syndar.
Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!
- Les også: Victor Sotberg får Dialektprisen 2020